I desember i fjor køyrde mannen gjennom Førde sentrum og krasja. Blodprøve som vart teken av mannen ein halvtime etter ulukka viste at han hadde ein promille på 2,90.
Mannen frå Sunnfjord er i Fjordane tingrett dømd til 40 dagar fengsel for å ha køyrt bil i rusa tilstand i Førde sentrum.
I tingretten vedgjekk mannen forholdet.
Fullføring av straffa blir utsett med ei prøvetid på to år, på vilkår at mannen gjennomfører program mot ruspåverka køyring. Han er også frådømt retten til å køyre bil i to år og seks månadar, og han må betale 25.000 kroner i bot.