Fylkesveg 55 Leikanger - STOR SKADE: Dagmar øydela vegane for mange millionar, som her ved Leikanger. - Foto: Silje Guddal / NRK

STOR SKADE: Dagmar øydela vegane for mange millionar, som her ved Leikanger.

Foto: Silje Guddal / NRK

27 Dagmar-millionar til vegane

Sogn og Fjordane får 27 millionar kroner i revidert nasjonalbudsjett til utbetring av riksvegane etter orkanen Dagmar.

I alt går regjeringa inn for å gje 80 millionar kroner til utbetring av riksvegane etter uvêret i romjula, og Sogn og Fjordane får altså 27 av desse millionane. Den same summen får Hordaland, medan Møre og Romsdal må nøye seg med sju millionar.

Øydeleggingar for 144,5 mill kr.

Vinden og regnet under Dagmar gjorde stor skade på vegane i Sogn og Fjordane. I alt rekna Statens Vegvesen ut at utbetringa ville koste 144,5 millionar kroner. Av dette gjeld 26,6 millionar riksvegar og resten fylkesvegar.

Når regjeringa no gjer framlegg om 27 millionar kroner til utbetring av riksvegane så er det i samsvar med det vegvesenet meiner dei treng til desse vegane.

(Artikkelen held fram under biletet).

Magnhild Meltveit Kleppa - -HELD LOVNADEN: Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa (Sp). - Foto: Oddleif Løseth / NRK

-HELD LOVNADEN: Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa (Sp).

Foto: Oddleif Løseth / NRK

– Følgjer opp lovnader

Revidert nasjonalbudsjett blir lagt fram i dag. Regjeringa gjer framlegg om i alt 320 millionar kroner til utbetringar og sikringstiltak etter ras, flaum og brann på riksveg- og jernbanenettet.

Nils Magne Slinde - NØGD: Avdelingsdirektør Nils Magne Slinde. - Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

NØGD: Avdelingsdirektør Nils Magne Slinde.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Slik følgjer vi opp våre lovnader om å dekke ekstrakostnader etter uvêr og brann, utan at det går ut over andre prosjekt, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Avdelingsdirektør Nils Magne Slinde i Statens vegvesen er nøgd med løyvinga.

– Det er positivt at vi har fått gjennomslag for å få dekt det som må gjerast.

Ein del av utbetringane er alt gjennomførde, og vegvesenet har som mål å få gjort alt innan utgangen av året.

NRK setter pris på at mange bidrar med meninger, erfaringer og synspunkter i kommentarfeltet. Takk for at du begrunner dine meninger og avstår fra personangrep. Innlegg som ikke følger våre regler for deltakelse kan bli slettet.

Fleire nyhende

Den tørre, fine hausten har ført til fantastiske forhold for å jakte på nordlys også her på Vestlandet.
Men nordlyset er uforutsigbart, og du må vera ivrig viss du vil fange og forevige det.
Landbruket står for 10 prosent av klima-utsleppa i Norge. No skal forskarar finne ut korleis bøndene kan få best mogleg avlingar, samstundes som ein reduserer utsleppa til miljøet.
Bøndene fryktar gardsbruk vil ende opp som hytter og fritidseigedomar når regjeringa no vil fjerne bu- og driveplikta. Hos meklarane i eigedomsbransjen er dei derimot svært nøgde.

Kvar er dette?

Kvar er dette? - Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Veit du kvar dette er? Du kan vinne Flax-lodd

Høyr sendingane våre

Gro Ravnestad - Foto: Arne Stubhaug / NRK
Foto: Arne Stubhaug / NRK

Høyr alt vi sender - direkte og i opptak

Vestlandsrevyen

Vestlandsrevyen - Foto: Marit Hommedal / Scanpix
Foto: Marit Hommedal / Scanpix

Sjå Vestlandsrevyen her