Hopp til innhold

26 lag til A-sluttspel i Norway Cup

Sogn og Fjordane hadde 51 lag med i Norway Cup. Over halvparten av desse tok seg til A-sluttspelet.

J13 Leirgulen/Davik

GÅR VIDARE: J13-laget til Leirgulen/Davik er eitt av 26 lag som har teke seg til A-sluttspelet etter at dei vann puljen si.

Foto: Beathe Leirgulen

Spelarutviklar Jan Tore Jåstad i Sogn og Fjordane Fotballkrets er stolt, men ikkje overraska over så mange i A-sluttspelet av verdas største fotballturnering.

Då A-sluttspelet starta onsdag, var 26 av laga frå fjordfylket framleis med.

– Det høyrest veldig bra ut. 26 lag til A-sluttspelet må seiast å vere kjempebra, og det er vi stolte av, seier spelarutviklar Jan Tore Jåstad i Sogn og Fjordane fotballkrets.

Utdanna mange trenarar

Jan Tore Jåstad

SPELARUTVIKLAR: Jan Tore Jåstad i Sogn og Fjordane fotballkrets er stolt over å sjå over halvparten av laga frå fylket vidare til A-sluttspelet i verdas største fotballturnering.

Foto: Stig Høynes

Spelarutviklaren kan likevel ikkje setje fingeren på kvifor så mange lag lukkast på turneringa i Oslo.

Jåstad tykkjer det er spesielt artig at vesle Leirgulen/Davik er mellom laga i A-sluttspelet for jenter 13 år.

– Fotball er den største idretten i fylket vårt og då får du inn i mellom spelarar og lag som gjer det bra. Det blir trena meir, klubbane er stadig flinkare på å strukturere og planrette arbeidet og vi har over år bygt ut meir anlegg, seier han.

Trur på finalar

– I tillegg har vi utdanna fleire trenarar enn noko sinne, legg Jåstad til og meiner totalkompetansen og engasjementet er på veg oppover.

Norway Cup samlar i år kring 32.000 born og unge fordelt på kring 1450 lag. Klubbar frå i alt 55 nasjonar deltek i turneringa i Oslo.

Laurdag går finalane av stabelen, og Jåstad blir ikkje overraska om det er med lag frå Sogn og Fjordane då.

– Det har skjedd før og eg er trygg på at vi får lag langt i turneringa, seier han.

– Over all forventning

Eit av laga som har gått vidare til A-sluttspelet er altså J13 frå Leirgulen/Davik. Dei vann puljen si etter å ha vunne ein kamp og spelt to uavgjort. I morgon skal dei spele åttedelsfinale. Trenar Espen Gulliksen er glad for at dei har kome så langt.

– Dette er over all forventing, for vi hadde ikkje drøymt om at vi skulle vinne gruppa vår. Vi trur vi har ganske greie sjansar vidare, for dei andre laga er jamne med oss, seier han.

Her er laga som har gått til A-sluttspelet:

  • Kaupanger/Hafslo - Jenter 11-er, 15/16 år
  • Tornado Måløy - Gutar 11-er, 15/16 år
  • Tornado Måløy - Gutar 11-er, 14 år
  • Førde1 - Gutar 11-er, 14 år
  • Sogndal - Gutar 11-er, 14 år
  • Syril - Gutar 7-er, 15/16 år
  • Tornado Måløy - Gutar 7-er, 15/16 år
  • Bjørn- Gutar 7-er, 15/16 år
  • Bjørn 2 - Gutar 7-er, 15/16 år
  • Jotun - Gutar 7-er, 14 år
  • Dale - Gutar 7-er, 14 år
  • Loen - Gutar 7-er, 14 år
  • Førde1 - Jenter 11-er, 15/16 år
  • Balestrand - Jenter 7-er, 15/16 år
  • Leirgulen/Davik - Jenter 7-er, 13 år
  • Tornado Måløy - Jenter 7-er, 15/16 år
  • Årdalstangen/Jotun - Jenter 7-er, 15/16 år
  • Bjørn - Jenter 7-er, 15/16 år
  • Askvoll og Holmedal - Jenter 7-er, 15/16 år
  • Hornindal - Jenter 7-er, 15/16 år
  • Eid - Jenter 7-er, 15/16 år
  • Kaupanger - Jenter 7-er, 14 år
  • Syril - Jenter 7-er, 14 år
  • Tambarskjelvar - Jenter 7-er, 14 år
  • Bjørn1 - Jenter 7-er, 14 år
  • Eid - Jenter 7-er, 14 år

Her kan finne du følgje alle laga i Norway Cup (ekstern lenke)