Hopp til innhold

24 timar direktesendt valstafett på NRK2

Sogn og Fjordane skal bidra med tre ulike debattar til den store 24 timar direktesende valstafetten på NRK2 frå fredag 11. september klokka 23.00 til laurdag 12. september klokka 23.00.

Erlend Blaalid Oldeide

STOLT OG AUDMJUK: Erlend Blaalid Oldeide skal leie debattane frå Sogn og Fjordane.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Vallogo

– Dette blir ei historisk sending, og eg er både stolt og audmjuk over å få bidra, seier Erlend Blaalid Oldeide, som skal leie debattane i fylket.

Valstafetten blir ein ny storstila NRK-dugnad i beste minutt-for-minutt-stil der alle distriktskontor, nett, arkiv valredaksjon, nyheitsmiljøa, sporten, underhaldningsavdelinga og mange andre deltek.

Programleiarnane Ida Nysæter Rasch og Fredrik Solvang og Solvang skal leie det heile frå Folketeaterpassasjen på Youngstorget i Oslo.

– Ekte fjernsyn

I Sogn og Fjordane er det altså Erlend Blaalid Oldeide som skal levere tre direktedebattar.

– Det er mykje som kan gå gale på ei direktesending, der vi sender frå tre stader utandørs. Vi kryssar fingrane for at teknikken står oss bi. Det kan blir rufsete, men det blir i alle falle ekte og direkte.

Debatterer kommune, skule, klima og miljø

– Under overskrifta Ulikskap og rettferd skal vi debattere kommunesamanslåing, seier Blaalid Oldeide.

Er det rettferdig at folk i utkantane skal bli mindre representerte om kommunane blir slått saman? Eller kor rettferdig er det for menneske med nedsett funksjonsevne og andre storbrukarar av lokale helsetenester at tilbodet er så ulikt i dei mange småkommunane? Fortener ikkje dei større kommunar med større fagmiljø?

Aleksander Øren Heen (Sp), Gunhild Berge Stang (V) og Ola Teigen (Ap), stiller til debatt om lag klokka 12 ved Elvetorget i Førde.

– Under overskrifta Utdanning tek vi diskusjonen om skulesuksessen i Sogn og Fjordane.

Kvifor gjer elevane det så godt i skulen vår? Kvifor har Førdeskulen blitt så vellukka? Kva kan vi gjere for å ta vare på det som fungerer, uavhengig av kommunegrenser og politisk farge?

Frank Willy Djuvik (Frp), Helge Robert Midtbø (Ap) og Olve Grotle (H) møtast ved Halbrend skule i Førde cirka klokka 15.15.

– Under overskrifta Klima og miljø går debatten om gruvedrift og fjorddeponi i Naustdal, seier Blaalid Oldeide.

Kvifor skal vi seie nei til hundrevis av arbeidsplassar, i eit unikt prosjekt som kan skape uante ringverknadar for teknologi, ingeniørkunst og framtidstru? Eller er det rett å dumpe tonnevis av gruverestar i den nasjonale laksefjorden, som vil vere daud i 50 år, medan aktiviteten går føre seg?

Erlend Herstad (Sp) møter Ida Beate Løken (MDG). Debatten blir cirka klokka 17.30 nede ved fjorden på Øyrane i Førde.