Hopp til innhold

24-åring har omsett italiensk opera

Den unge lærdølen har brukt over eit halvt år på å omsetje ein italiensk opera til nynorsk. No har den snart noregspremiere.

Jostein Avdem Fretland har omsett I puritani til nynorsk.

OPERA FÅR NY VRI: Jostein Avdem Fretland frå Lærdal sit i leilegheita i London. Her har han brukt mykje tid på omsetjinga av den italienske operaen «I Puritani». No skal den setjast opp på Opera Nordfjord på nynorsk.

Jostein Avdem Fretland er ikkje heilt som andre 24-åringar. På oppdrag frå Opera Nordfjord har han omsett den italienske operaen «I puritani» av Vincenzo Bellini. No heiter operaen «Søner av sola». Ved hjelp av gamal norsk ordbok, eddadikt og den originale librettoen, teksten til operaen, har han skapt ein versjon i Ivar Aasen sitt språk.

Eg har smakt på ord og hamra og meisla til alle versa sat slik dei skulle.

Jostein Avdem Fretland

I den austlege delen av London, sør for Themsen har han busett seg. Saman med kjærasten Mariell Øyre har dei no budd her i tre år. Her arbeider han, medan arbeidsgjevaren sit i Norge. I tillegg til å vere komponist og forfattar, er Fretland òg omsetjar. Det siste året har frilansaren fått bryne seg på italiensk opera.

I Puritani

PURITANARANE: Den italienske tittelen gir veldig lite, meiner Fretland. Han har gitt operaen namnet Søner av Sola.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Det handlar ikkje om kor ung eg er, men kva eg kan. Eg høyrde at operaen i Nordfjord var interessert i å få til noko på nynorsk. Då tenkte eg at her må eg kunne ha ei oppgåve.

Fretland kjem frå Lærdal og har mastergrad i komposisjon ved Goldsmiths College, University of London. Han er nynorskforfattar samstundes som han er veldig interessert i språk og vers og alt som har med operaspråk å gjere. Difor følte han at han kunne vere rett mann til dette.

– Eg hadde jo aldri gjort noko liknande før, så det var veldig kjekt å få oppdraget likevel. Veldig spennande.

Dramatikk etter ragnarok

Operaen går føre seg i den verda som oppstår etter det Norrøne ragnarok. I denne verda utviklar det seg etter kvart to folkeslag. Volundane og Egdane. Dei er svært ulike og slåst om det same landet. To personar er sentrum for handlinga i operaen.

– Sjølvsagt er det jo slik at ei prinsesse hjå volundane vert forelska i ein offiser hjå egdane. Resten går det an å tenkje seg til. For dette er ikkje så veldig populært. Som ein kvar opera vert det difor dramatikk rundt dette, fortel Fretland.

Akkurat kor lang tid han har brukt på operaen tykkjer han er vanskeleg å seie, men han starta på arbeidet sommaren 2013 og var ferdig til påske i år.

– Det vart brukt ekstremt mykje tid på research og utruleg mykje tid på å flikke på ord, setningar, vers og rim.

(Artikkelen held fram under bilete)

Søner av sola - Ditte Højgaard Andersen

PRINSESSA: Danske Ditte Højgaard Andersen er ein av solistane i Søner av Sola.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Unike vers og rim

Originalspråket i operaen er italiensk, men litt hjelp måtte til før han tok fatt på omsetjinga.

– Eg hadde ei engelsk omsetjing av sjølve handlinga og dialogen slik at eg visste kva som skjedde, for italienske min er ikkje perfekt, ler Fretland.

Aasen på veggen

AASEN PÅ VEGGEN: Nynorsken er svært viktig for Fretland. På veggen har difor sjølvaste Ivar Aasen fått plass.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Deretter brukte han rim og rytmen frå italiensk, men sidan handlinga er i ein nordisk fantasy-mytologi, så ville han ha ein meir nordisk klang på rima. I tillegg til dei vanlege enderima, la han difor til norrøne stavrim på heile operaen.

– Så vidt eg veit er det ein type tekst som nesten ikkje finst, og det er veldig spennande. Kvar verslinje har altså to ulike rimformer, forklarar Fretland. Han legg til at det har gjort det heile svært tidskrevjande, men veldig moro. Dei to rimformene gir, ifølgje omsetjaren sjølv, ein veldig musikalsk og fin rytmisk klang på teksten.

Med respekt for songarane

Fretland har jobba tett med dei som har med kostyme og scenografien til operaen i Nordfjord. Så han trur dei veit kva han tenkjer om korleis operaen skal sjå ut.

– Eg har sett mange idear og fleire utkast, så eg gler meg no til å snart få sjå det i levande live, seier han.

Som omsetjar må ein ha respekt både for musikken og for songarane si oppgåve, meiner han.

– Det er ein veldig krevjande opera å syngje, difor må ein ta mykje omsyn til vokalar, diftongar og andre ting som ein elles ikkje treng å tenkje på når ein skriv tekst, men som er ekstremt viktig når ein jobbar på opera.

(Artikkelen om operaen held fram under biletet)

Jostein Avdem Fretland

MED EDDA I VESKA: For å setje seg inn i norrøn dikting har Fretland hatt med seg eddadikta overalt det siste året.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Arbeidet med operaen har handla mest om å sitje med nasen ned i tjukke bøker.

Jostein Avdem Fretland

Innførte magi i operaen

Teksten er nesten uendra frå det som er den opphavlege librettoen, men Fretland har endra på namna og stader for å tilpasse operaen etter norrøn tid.

Svane, Svidre, Svava, Vaker, Snjodann, Stallarhrut, Arnaviv og Herkja er norrøne namn som dukkar opp i operaen. I tillegg har han laga rom for fantasi og magi.

– Eg begynte å sjå på det å bruke magi som eit nyttig hjelpemiddel. Ein operalibretto er ikkje alltid heilt logisk. Det er gjerne eit par kriterium ein skal tilfredsstille, og så er det ikkje alltid ting heng like mykje på greip utover det. Så det å ha fantasisettinga og få lov til å endre litt på detaljar, gjorde at eg kunne svare på spørsmål som eg sjølv hadde etter å ha lese librettoen, fortel Fretland.

(Artikkelen held fram under bilete)

I Puritani og Søner av Sola

SIDE OM SIDE: Den italienske teksten har vore malen til Fretland. Til høgre er den nynorske omsetjinga av operaen.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Ved å bevege seg mot fantasisjangeren måtte han difor vere veldig nøyaktig med reglane for universet. Sjølv om det er lov til å bruke magi, må det altså vere reglar for når magien kan inntreffe og kor mykje kraft magien har.

– Elles vert det jo berre kaos med tryllestavar og formlar som flyg i alle retningar utan noko system. Så det var spennande å bestemme funksjonen til magien i denne operaen, seier han.

Smakt på orda

Lærdølen har også lagt til ein politisk brodd i operaen som ikkje er å finne i den originale operaen. Han trur det kan gjere operaen litt meir aktuell.

– Eg har smakt på ord og hamra og meisla til alle versa sat slik dei skulle. Så eg håpar det vert fint.

Med base i London har han brukt mykje av tida si på omsetjingsarbeidet her. Inspirasjon er difor å finne overalt.

– Men arbeidet med operaen har handla mest om å sitje med nasen ned i tjukke bøker. Eg har lest utruleg mykje norrøn litteratur og norrøn poesi, i tillegg til å sett på opera og operaspråk. Så mykje av arbeidet mitt har jo hatt svært lite med London å gjere, men det er ein flott by å jobbe og bu i likevel, fortel han.

Premiere med vakre tonar

Premieredatoen for å kunne sjå operaen for fyrste gong i Norge er 1. oktober. På Nordfjordeid er dei no i full gong med prøvane. I ungdomshuset Valhall er både solistar og kor samla for øvingar før dei flyttar inn i operahuset.

– No gler vi oss veldig til å få vise operaen på scena. Vi har fått tak i eit flott solistlag og kor som eg gler meg til å presentere til publikumet vårt. Dei kan vente seg stor songkunst, vakre kostyme, spektakulær scenografi, opplagt orkester og kor og utruleg vakker song. Operaen høyrer til belcanto-sjangeren som betyr vakker song, seier operasjef, Kari Standal Pavelich.

Ho garanterer at denne operaen vil falle i smak hjå både dei som er vande med opera og dei som tek turen for første gong. Operasjefen tykkjer Fretland har gjort ein fantastisk jobb med omsetjinga og er svært imponert.

– Han har vist enorm entusiasme og skapt ei heilt ny verd for oss. Vi la inn ei bestilling til han. Michael ville gjerne ha ein fantasy-opera og overlét det heilt til Jostein å skape den verda. Han har løyst det på ein fantastisk flott måte, og det er eit veldig poetisk flott språk i librettoen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Øving til Søner av Sola

VAKKER SONG: Musikken til operaen skal vere lett å like for alle. Her øver koret.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Frå borgarkrig til fantasi

Det var regissør Michael Pavelich sin ide om å setje opp I Puritani, og fekk så ideen om å omsetje den til nynorsk, då dei ikkje fant noko norsk versjon av operaen.

– Dette er ein av mine favoritt-operaer med fantastisk musikk. Eigentleg handlar den om den engelske borgarkrigen på 1600-talet, men historia er i grunn ikkje så veldig sterk. Eg har lenge leita etter ein opera som kunne la seg framførast i ei fantasidrakt, og då passa historia i denne operaen inn, seier Pavelich.

Han meiner Fretland har laga eit meisterverk av ein libretto, og at opera er eit stort lagspel der det er mange som er med å bidrar til resultatet.

Etter det operasjefen veit, har ikkje denne operaen blitt sett opp i Norge før. Så no gjer dei klart til noregspremiere.

Petter Moen

LETT Å FORSTÅ: Operasongar Petter Moen trur det vert lett for publikum å få med seg handlinga.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Petter Moen er nyutdanna operasongar og har fått ei rolle i operaen. Han tykkjer omsetjinga er utruleg flott.

– Eg trur det er bra å få høyre ein opera på sitt eige språk der ein får med seg noko av teksten og forstår handlinga, fortel han.

Håpar folk likar det

– Det er eit stykke arbeid som eg håpar folk vil like. Eg har aldri vore med på noko liknande, og heller aldri sett noko slikt utført på nynorsk før, så det er heilt umogleg å vite korleis publikum vil ta i mot dette. Men eg gler meg heilt utruleg mykje, seier Fretland som kjem til Norge for å få med seg premieren.

For operaen i Nordfjord har allereie sagt dei er nøgde, og songarane har uttrykt at det er godt å syngje operaen, så Fretland meiner det er håp om at publikum òg skal setje pris på resultatet.

Opera Nordfjord skal no ha einerett på omsetjinga i nokre år først, men i framtida håpar Fretland at fleire vil setje opp den nynorske varianten av «I Puritani».

Søner av sola

ØVING MED SVERD: Regissør Michael Pavelich syner korleis han vil at sverda skal brukast. Her under prøvane i Valhall.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK