Hopp til innhold

2011 godt år for aluminium

Hydro i Årdal gjekk i fjor med eit overskot på heile 384 millionar kroner, noko som er ei dramatisk betring frå året før. I Høyanger var overskotet på 136 millionar.

Årdal Metallverk - vinteren 2009

STORT OVERSKOT: Hydro i Årdal hadde eit overskot på 384 millionar i 2011.

Foto: Kjell Arvid Stølen

Fabrikksjef ved Hydro Årdal, Arne Werge-Olsen, er svært nøgd med resultata som vart presenterte klokka 12 torsdag.

– Vi har eit veldig godt resultat for 2011, eit overskot på 384 millionar kroner før renter og skatt, og det er vi veldig godt nøgde med.

– Solid arbeid med kostnadskutt

– Kva er årsaka til at det gjekk så bra?

– Primært at vi hadde gode prisar, men vi skal heller ikkje stikke under ein stol at vi har arbeidd veldig målretta sidan krisa vi hadde i 2009 med å få ned kostnadene våre. Det er gjort eit solid arbeid også i 2011, og det viser att i tala våre.

Det er svært sterke tal Hydro kan presentere for verket i Årdal. Resultatet er 269 millionar kroner betre enn i 2010. Det er varsla tøffare tider i 2012, og aluminiumproduksjonen i Sogn er sårbar for svingingar i verdsøkonomien.

(Artikkelen held fram under biletet).

Hydro i Årdal

ROS TIL TILSETTE: Både Werge-Olsen og Fredagsvik rosar innsatsen til dei tilsette.

Foto: Arve Uglum / NRK

2012: Positivt for valseblokk

– Det vi ser er at heldigvis er valseblokk, som er eitt av produkta våre, så langt friskmeld. Vi har 100 prosent produksjon, og vi har selt heile produksjonen for 2012.

I 2011 vart det produsert 192 472 tonn primæraluminium i Årdal, nesten 4000 tonn meir enn i 2010, samstundes som talet på tilsette vart redusert frå 618 til 579.

(Artikkelen held fram under biletet)

Hydro Høyanger

STORT OVERSKOT: Hydro i Høyanger hadde eit overskot på 136 millionar i 2011.

Foto: Heidi Lise Bakke(MMS) / NRK

– Kjemperesultat som skal feirast

Også ved Hydro i Høyanger var 2011 eit godt år. Hovudtillitsvald Billy Fredagsvik er godt nøgd med resultatet som er lagt fram der, eit overskot på 136 millionar, mot 53 millionar kroner i 2010.

Billy Fredagsvik.

SKAL FEIRE: Hovudtillitsvald Billy Fredagsvik.

Foto: NRK

– Ser vi det i lys av den krisa vi har hatt så er det eit kjemperesultat både i Høyanger og i Årdal. Det er veldig flinke tilsette, gutta på golvet har stått på heile tida. Vi har gjennomført eit spareprogram på ein utmerka måte her i Sogn. Dette må vi ut på puben i helga og feire.

Ny årsrekord

Hydro Høyanger Metallverk sette ny årsrekord i 2011. Det vart produsert 61 620 tonn aluminium.

Men både produksjon og resultat viser dalande tendens mot slutten av 2011. Resultatet i fjerde kvartal er på 21 millionar kroner, det er ei halvering av resultatet for fjerde kvartal i 2010. Med andre ord er det grunn til å rekne med at 2012 ikkje blir eit så gullkanta år som 2011.