Hopp til innhold

170 ungdomar står utan læreplass

Arbeids- og næringslivet i fylket ropar etter kvalifisert arbeidskraft, samstundes som 170 ungdomar no står utan læreplass. Fylkeskommunen etterlyser fleire lærebedrifter.

Bilmekanikerlærling

MANGE UTAN LÆREPLASS: Fylkeskommunen oppmodar no bedrifter om å ta inn fleire lærlingar.

Foto: Frank May / NTB scanpix

– Vi oppmodar alle bedrifter som er godkjende lærebedrifter til å ta inn ein lærling, eller kanskje ta inn ein eller to ekstra, seier fylkesdirektør for opplæring, Bekka Skaasheim, i ei pressemelding.

Ungdommane er avhengige læreplassar for å få fullført fagutdanninga si. Og bedrifter kan sikre seg kvalifisert arbeidskraft for framtida.

– For den einskilde ungdommen er det lite tilfredsstillande å gå i uvisse om dei får seg lærekontrakt eller ikkje. All statistikk for gjennomføring i vidaregåande opplæring viser at fråfallet er størst i overgangen frå skule til opplæring i bedrift.

Innanfor desse bransjane står flest ungdommar utan tilbod om læreplass per i dag:

  • Anleggsbransjen (10)
  • Bilbransjen (14)
  • Elektrobransjen (19)
  • Barne- og ungdomsarbeidar (13)
  • Helsearbeidar (10)
  • Industrifag (24)
  • Maritime fag (19)
  • Tømrar (14)
  • Røyrleggjar (8)
  • Salsfaget (9)