Hopp til innhold

17. mai tog på Via Ferrata

Eit utanlandsk turfølge på fem feira den norske nasjonaldagen med 17. mai-tog på den luftige turstien Via Ferrata i Loen.

17. mai-tog på Via Ferrata

LUFTIG 17. MAI FEIRING: Utanlandsk turfølge feira nasjonaldagen på Via Ferrata.

Foto: Privat

– Det var eit hurtigruteskip som kom inn til Olden, ekspedisjonsskipet Fram, Dei hadde med seg utanlandske gjester og hadde ein førespurnad om ein tur på Via Ferrata, og det kunne vi ikkje seie nei til, seier Erik Brendefur i Loen Active.

Sjølve sesongen er allereie godt i gong. Etter opningsturen 9. mai har dei hatt fem- seks turar, og kan alt notere seg for mellom 700 og 800 bestillingar.

– Det er ein auke på 10–20 prosent frå i fjor. Bookingane har tikka inn i heile vinter og vår, og meir blir det no, når folk ser at vi har opna via ferrataen for sesongen.

Brendefur trur at forklaringa på populariteten er så enkel at folk vil ut i naturen.

– Dei vil stå på ski, dei vil gå på fjellet. Dei vil oppleve nye ting, deivil kanskje prøve kajakk eller gå Via Ferrata. Dei vil oppleve ting kanskje andre ikkje har opplevd. Bryte barrierar.

Nye planar

I dag kan dei skilte med den lengste brua i ein via ferrata i Europa, den 120 meter lange Gjølmundbrua. Det er ei luftig oppleving for dei som torer seg over.

– Dei fem som var med 17. mai var ikkje så veldig fjellvande, og når det bles sidevind så var det ganske heftig. Ho eine som var med nekta å gå over.

Utbygging i Via Ferrata i Loen

UTBYGGINGSPLANAR: Via Ferrata kan bli bygd ut med 150 meter med klatring og ei ny wirebru – teikna inn med svart.

Foto: Prosjekt

Brendefur seier dei har enda meir luftige planar klare. I løpet av sommaren vil dei bygge ei ny bru. Den blir rett nok berre 30 – 35 meter lang, men i motsetnad til Gjølmundbrua som har golv, blir det berre ein wire å balansere på, på den nye brua

– Det blir ein heilt annan type balansekunst, for å seie det slik. Det blir ein wire nede til å balansere på, og så festar du deg i to wirar, ein på kvar side med karabinkrokar.

Fine forhold i fjellet

– Eg gjekk over der første gong i år den 3. mai. Då var det litt roten og blaut snø. Sidan då har det smelta kring ein meter, så i går så gjekk vi over i ein fint trakka sti.

Snøen ligg på ein 700 – 800 høgdemeter.

– Vi har og lage ein ny og litt turrare og finare retursti ned til Opheim. Har vi vêret med oss så blir dette ein flott sesong.