Hopp til innhold

Brosvik ut mot raudgrøn sentraliseringsiver

KrF-topp Trude Brosvik går ut mot at regjeringa opnar for nedlegging av 126 små skattekontor over heile landet.

Trude Brosvik

NEI TIL SENTRALISERING: Trude Brosvik ut mot Senterpartiet.

Foto: Vegar Erstad / NRK

I samband med framlegginga av statsbudsjettet fekk Skattedirektoratet fullmakt til å legge ned skattekontor med færre enn fem tilsette.

126 kontor i Noreg er dermed truga av nedlegging eller samanslåing. Av desse er 12 her i fylket.

Reagerer på sentraliseringsønskje frå Sp

Ordførar i Gulen, Trude Brosvik (KrF), reagerer kraftig på sentraliseringsiveren til den raudgrøne regjeringa. Skattekontoret i hennar eigen kommune er av dei som er truga med nedlegging.

– Det er ekstra skuffande at dette skjer i ei regjering der Senterpartiet er med, seier Brosvik, som òg er sentralstyremedlem i KrF.

– Dei har ein heilt anna retorikk om å oppretthalde distrikta enn det dei faktisk gjer, held ho fram.

– Kan vere fornuftig å leggje ned småkontor

Nestleiar og parl. leiar i Sp, Trygve Magnus Slagsvold Vedum, (Sp), Hedmark.

VURDERER NEDLEGGING: Nestleiar og parlamentarisk leiar i Sp, Trygve Slagsvold Vedum.

Foto: Knut Falch / Scanpix

– Kan Senterpartiet forsvare å leggje ned småkontor i distrikta?

– Ja, det kan nokre gonger vere fornuftig å leggje ned kontor der det er ein til to tilsette, og heller styrke andre kontor, seier Trygve Slagsvold Vedum, nestleiar og parlamentarisk leiar i Sp.

Nok eit tap for utkantane

– Eg ser på dette som nok eit tap for mindre kommunar og utkantkommunar når det gjeld arbeidsplassar, og aller mest for folk sin tilgang til desse tenesten, seier Brosvik.

– Det skal setjast i gang eit arbeid no der skatteetaten skal ha ein god prosess i lag med kommunane der dei skal syte for at til dømes eldre skal framleis få god sørvis, seier Slagsvold Vedum.