Hopp til innhold

Lite visste 12-åringen om at han skulle bli millionær på dette...

HORNINDAL / HOLMENKOLLEN (NRK): Anders Fannemel vart hekta på skihopping på første trening. No har han tent ein million på idretten sin.

Anders Fannemel var 12 år då han starta med skihopping. Her er nokre av dei aller første hoppa hans.

HER ER STARTEN: Anders Fannemel set utfor hoppbakken i det som er eitt av dei første hoppa hans. Videoen syner også bilete frå treningssamling med Fannemel som 12-åring og det aller første hoppet på plast i Framnesbakken. Som 13-åring har han startnummer 61 og byrjar å hoppe langt. Vi ser seinare Fannemel gjere sitt første hopp i 70-meteren i Bjørkelibakkane med mamma Ellen Bodil ved bommen. Han går også kombinert i yngre dagar, og får oppleve å stå på sigerspallen i KM.

– Eg hugsar veldig godt gleda eg fekk berre av å gå opp i 15-metersbakken. Det er kanskje ein av dei største gledene eg har hatt i karrieren, seier Anders Fannemel.

Den ferske verdsrekordhaldaren mimrar tilbake til den gongen han som 12-åring for første gong sette utfor ein hoppbakke. Han hugsar alle detaljar rundt det som skjedde. Kjensla av å kunne fortelje mamma og pappa om det han hadde opplevd.

– Eg er veldig glad for at eg fekk prøve skihopping den dagen, og at eg heldt fram. Eg hadde masa ein del om å få prøve. Så ordna pappa hoppski, og eg fekk bli med onkel og søskenbarna mine. Den dagen sit som klistra. Det var så stort.

Trur nevøen fekk igjen for å vere aktiv

Videoen av den 12 år gamle Anders Fannemel som set utfor Bjørkelibakkane i Nordfjord, er filma i februar eller mars 2004, og viser hopping i 40-metersbakken.

Då hadde han ikkje mange hoppa bak seg i dei mindre bakkane.

– Då eg kom heim att ville eg berre tilbake og hoppe meir. Det er utruleg kult at den turen for elleve år sidan har ført til at eg har verdsrekorden no, smiler Fannemel.

Videoane av den unge Fannemel er filma av onkel, sjåfør og støtteapparat Gunnar Fannemel. Han synest det er artig å sjå nevøen som skulle bli ei verdsstjerne setje utfor i småbakkane.

– Anders har gått mykje på ski, vore mykje ute og vore veldig aktiv. Eg trur han fekk mykje igjen for det i bakken; det å vere aktiv og bruke kroppen, seier han.

Fannemel med et hopp på 251,5 meter og ny verdensrekord

STOR SKILNAD: Her set Anders Fannemel ny verdsrekord med 251,5 meter - 11 år etter at han starta i det små som 12-åring.

Har tent ein million på suksessen i vinter

Det er berre dagar igjen av sesongen. Ein sesong Fannemel har krona med verdsrekord i skiflyging, VM-gull i laghopping og to sigrar i verdscupen.

No treng han for første gong ikkje å uroe seg for økonomien. 23-åringen kan notere seg for om lag ein million kroner i premiepengar denne vinteren.

– Vi lever av premiepengar, så det lønner seg å hoppe bra. Og no har det gått så bra at eg slepp å uroe meg. Det er ei ny oppleving, ler Fannemel.

– Du har til salt i grauten...?

– Ja. Til sukker også, smiler han.

Anders Fannemel i salongen på Park hotell
Foto: Rune Fossum / NRK

Målet er å bli verdas beste skihoppar

Innspurten på sesongen heng i ein tynn tråd på grunn av kneskaden Fannemel fekk i Lahti. Men han håpar å kunne vere med å slåst om samanlagtsigeren i verdscupen i skiflyging i Planica.

Uansett gjer han seg allereie tankar om den vidare karrieren.

– Målet er å bli verdas beste skihoppar, og då må eg herje med konkurrentane. No er eg berre med og ufordrar. Så eg håpar å ta nye steg i sommar, både fysisk, teknisk og mentalt. Eg gler meg allereie til neste sesong, seier han.

– Eg håpar eg kan vere med og prege verdstoppen i skihopping i mange år til.