Hopp til innhold

1150 vil lenkje seg fast i protest mot fjorddeponi

Over 1150 personar har skrive under på at dei vil lenkje seg fast i protest mot eit fjorddeponi i Førdefjorden.

Steinbrotet i Engebøfjellet

VIL KJEMPE: Natur og Ungdom vil kjempe mot fjorddeponi med alle midlar.

Foto: Illustrasjon: Nordic mining

– Det er ei samla liste for både Førdefjorden og Repparfjorden i Finnmark. Vi har sett ein enorm auke på lista etter avgjerda om Førdefjorden kom fredag, seier sentralstyremedlem i Natur og Ungdom og leiar for gruvearbeidet, Magnus Strømseth.

Fredag bestemde regjeringa seg for å gi Nordic Mining løyve til å sleppe ut i alt 250 millionar tonn med gruveavfall i Førdefjorden.

Selskapet ønskjer å vinne ut mineralet rutil frå Engebøfjellet i Naustdal, men motstanden mot gruvedrifta har vore stor.

Meiner det er viktig å halde saka varm

Før fredag hadde berre 595 personar signert lista om sivil ulydnad. Sidan då har talet auka jamt og trutt.

Strømseth trur talet aksjonistar kan bli langt høgare enn 1150 personar.

– Det er vanskeleg å seie. Men det har mykje å seie kor varm saka held seg. Så lenge saka er framme i media, har vi eit jamt tilsig, seier Strømseth.

Ser utfordringane

Men det er framleis eit stykke fram før det vert aktuelt å lenkje seg fast. Nordic Mining har sagt at dei treng fire år frå no til å etablere gruvedrift i Engebøfjellet i Naustdal.

Dermed står det att å sjå om dei 1150 personane har eit like stort engasjement når gruveprosjektet startar opp.

– Klarar de å halde saka varm så lenge?

– Det vil nok bli ei utfordring, men vi skal jobbe alt vi kan for å få det til. Dei aksjonistane som står på lista no, vert forhåpentlegvis med, seier Strømseth.