Hopp til innhold

110-sentralar blir med politiet på flyttelasset

Fleire 110-sentralar blir nedlagde som følgje av politireforma. Regjeringa, Venstre, KrF og Ap ønskjer naudmeldingssentralane for brann inn i same bygg som politiet.

Sveinung Rotevatn

SAMLOKALISERING: Stortingsrepresentant for Venstre, Sveinung Rotevatn, seier framtida for alarmsentralen i Florø er uklar.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Vi har eit mål om å samlokalisere 110-sentralane med politiet, seier stortingsrepresentant for Venstre frå Sogn og Fjordane, Sveinung Rotevatn.

Regjeringa, Venstre, KrF og Arbeidarpartiet la fram politireforma i går vart det klart at 27 politidistrikt blir redusert til 12. Sogn og Fjordane vert slått saman med Hordaland.

I reforma er partia også samde om at fleire 110-sentralar bør leggjast ned:

«Desse medlemmane viser til at det finst 110-sentralar som vil bli nedlagde med ny struktur», står det i dokumentet som presenterer reforma partia er samde om.

Florø si framtid er uviss

I klartekst betyr det at det går mot éin 110-sentral i det nye politidistrikt Vest:

«Det er eit mål å samlokalisere naudmeldingssentralane for brann og politi i same bygg, slik at dei dekkjer dei same geografiske områda», skriv reformpartia.

Rotevatn seier det likevel er uvisst kva som vil skje med sentralen i Florø.

– Dette er prosessar som vil ta tid, og det er mykje som skal blir klarlagt i dei ulike distrikta. Så det er nok for tidleg å seie kva konsekvensen kjem til å bli for Sogn og Fjordane.

– Vi understrekar at vi skal spreie kompetansearbeidsplassar og kunnskapsmiljø over heile politidistriktet. Og der er det sjølvsagt viktig for oss i Sogn og Fjordane, generelt og Florø spesielt, å vere på.

Ulike prosessar i ulike distrikt

Målet er at 1–3 sentralar blir slegne saman i 2016, for å hauste erfaringar når det gjeld praktiske løysingar og økonomi. Reformpartia skriv og at dette skal skje etter lokalt samtykke.

Rotevatn kan ikkje seie noko nærmare om kva tid skjebnane til 110-sentralane er klare.

– Det er mange prosessar og avgjerder som blir sette i gang no. Vi er samde om korleis vi skal styrke politiet framover, vi er samde om ei distriktsinndeling og prioriteringar. Men alarmsentralar er noko vi er nøydde til å diskutere framover i det enkelte politidistrikt.

– Vi ser det som fornuftig og har eit mål om å samlokalisere dei, men korleis prosessane blir kjem vi tilbake til. Dei vil nok blir ulike i dei ulike distrikta, seier Rotevatn.