Hopp til innhold

William trente i to år til denne turen - her kan 11-åringen endeleg ta spranget

Denne guten frå Høyanger er ein rasar i å klatre og trivst best i bratte, luftige fjellsider og toppar. Han trente i to år for å få vere med faren på Stetind.

Toppen ligg nær 600 meter over havet. Her hoppar William Selnes Vimme mellom geitehorna til Svolværgeita.

SJÅ VIDEO: Sjå William hoppe frå det eine hornet til det andre på Svolværgeita. Eit skikkeleg magesug.

William Selnes Vimme (12) frå Høyanger har vore på spektakulære klatreturar i lag med faren sin i Nord-Norge. Då han var 11 år gamal i 2012 gjekk ein draum i oppfylling då han fekk vere med til toppen av luftige Stetind.

Jan Vimme og sonen med Stetind i bakgrunnen

MÅLET: Her står far og son med målet i bakgrunnen. Stetind.

Foto: privat

– Det er veldig kjekt å klatre fritt ute og veldig spennande, og så kjenner ein seg så fri, fortel William.

– Han er ei skikkeleg fjellgeit tvers igjennom, fortel far til William, Jan Vimme, som sjølv har vore ei slik fjellgeit opp gjennom heile livet.

Måtte trene i to år

Totalt har Vimme klatra i 18 år. William har vore med å klatre med faren dei siste fire-fem åra. Turen til Stetind hadde han sett fram til lenge.

– Wiiliam har alltid ønska å gå på Stetind etter at eg viste bilete av fjellet til han. Då sa han "Å, Pappa, eg vil dit!". Eg fortalde at det er ein tur som tek mellom 12 og 14 timar. Det er mykje gåing rett opp og rett ned, seier Vimme.

Og då var det viktig med trening. Beskjeden frå faren var klar. Han måtte trene i eit par år så skulle han få vere med på turen.

– Han trente mykje i trappene i Høyanger. Det gjorde han kontinuerleg i to år for å trene til denne turen.

– Og så gjekk eg lange turar og trena armane og fingrane, fortel William.

(Artikkelen held fram under biletet)

Willam Selnes Vimme på veg til Stetind

OVERNATTING: Før dei tok fatt på klatringa overnatta dei på vegen.

Foto: privat

Den yngste på toppen

– Då han endeleg kom opp på ferie sommaren 2012 og skulle på Stetind gjekk vi halvvegs opp og overnatta i telt for at det ikkje skulle bli ein så veldig lang tur for han, men han var jo overtrekt så det heldt for denne turen, fortel Vimme.

Etter det faren veit er William den yngste som nokon gong har vore på toppen for eiga maskin. Han veit om ein seksåring som har vore på toppen, men han blei bert.

– William hadde også ein ryggsekk på 10 kilo med seg, han var jo så sprek at det går nesten ikkje an, seier ein stolt far.

For guten frå Høyanger har ikkje høgdeskrekk i det heile og tykkjer ekstremturane berre er kjekke.

– Han er heilt vill når han får vere med på slike turar, fortel faren.

SJÅ VIDEO – saka held fram under:

William Selnes Vimme frå Høyanger blir kvar sommar med faren på ekspedisjonar, og denne videoen er frå bestigninga av Stetind i fjor sommar.

SJÅ VIDEO: Her klatrar og balanserer den gong 11 år gamle William på Stetind. Foto: William Selnes Vimme/Redigering: Johan Moen

– Sjå på meg, Pappa!

– Det er ein ganske psykisk tøff tur og fysisk tøff når du skal gå i 12 timar i bratt terreng. Når du er kome halvvegs, så trur du at du det har vore bratt, men det er då det verkeleg blir bratt, fortel Vimme.

For det er her klatredelen startar. Då går dei i taulag over det som vert kalla for hustaket. Dei klatrar ned nokre store berg til dei kjem til Mysosten og dei berømte "ti forbitrede fingertak".

Der heng ein meir eller mindre i lause lufta, kan Vimme fortelje. Her er det nemleg ikkje plass til å ha føtene nokon plass og ein må hengje etter armane i flak som er sprokne ut av fjellet. Då heng ein i litt over 1300 meter høgde over havet med 700 meter ned.

– Der er det mange som snur. Men det stoppa ikkje William. Han skulle vidare, det var ikkje snakk om noko anna. For dei fleste er det litt skummelt i det du svingar deg ut her. William svinga ut og heldt seg med eine armen og sa; "Sjå på meg Pappa, ta bilete, ta bilete!", då kunne eg ikkje gjere noko anna enn å ta bilete, fortel Vimme.

– Moro og skummelt

Han innrømmer at han var veldig stolt over sonen då dei til slite nådde toppen.

– Vi jubla og då rant tårene på oss begge to. Han var så glad for at han hadde kome seg opp og eg var så stolt over han at eg hadde ikkje sjanse til å halde att. Han hadde gleda seg noko vanvettig og lagt ned ufatteleg mange timar trening, fortel Vimme. No vert utfordringa å finne noko å toppe årets sommarferie med.

– Det var veldig moro og litt skummelt på toppen fordi det var veldig høgt ned, kan William fortelje.

– Eg elskar å vere frampå bratte stup og bratte veggar. Jo brattare, lengre og høgare, dess artigare er det, men vi har respekt for høgda og det er viktig. Tryggleik køyrer eg knallhardt på, fortel Vimme.

(Artikkelen held fram under biletet)

Toppen av Stetind

LUFTIG: Med beina dinglande utfor kanten. Slik likar dei seg.

Foto: privat

Ville hoppe frå horn til horn

Sjølv om ein skulle tru at far og son hadde fått nok spenning på ein sommar, så stoppa det ikkje der. Veka etter turen til Stetind kom William med forslag om å klatre Svolværgeita. Og det gjorde dei.

Det William hadde mest lyst til var å hoppe mellom "horna" på geita. Vimme fortel at dette luftige svevet har blitt litt lengre og litt farlegare etter at noko av dei eine hornet rasa ut.

Med seg hadde dei også denne gongen ein kompis av Vimme. Dei klatra framsida av Svolværgeita som er vel 150 meter med ein klatringsgrad på 5 pluss, som Vimme kan fortelje er ganske hardt for born å klatre.

På hovudet hadde William kamera som filma hoppet. Men faren ville også ta nokre bilete og måtte gå ned att frå "geita" og opp på nabofjellet.

– Det er faktisk noko av det mest nervepirrande eg har gjort i heile mitt liv. Eg sat på eit anna fjell og hadde null kontroll over taua til sonen min. Då var eg både sveitt og skjelven. Eg gjekk gjennom taulaget i hovudet fleire gongar for å forsikre meg om at det var rett, fortel Vimme.

(Artikkelen held fram under biletet)

William på veg opp til Svolværgeita

BRATT: 150 meter opp klatrar William for å komme til toppen av Svolværgeita.

Foto: privat

– Visste ikkje kor eg skulle lande

"Bukkespranget" på rundt ein meter kan du sjå i videoen heilt øvst i saka.

– Denne turen var kanskje litt meir skummel for eg visste liksom ikkje kor eg skulle lande. Så der stod eg ei stund til eg bestemte meg for at no hoppar eg berre, fortel den spreke 12-åringen.

– Det er jo litt galgenhumor i det her for når du står på toppen og ser ned, så ser du rett ned på kyrkjegarden, fortel faren.

Nye klatreplanar på gong

– Han har hengt seg på sidan han var fem år og er vel like tullete som faren etter høgder. Han må ha dette adrenalinet i kroppen og meistringskjensla. Det å pushe seg litt og kjenne litt redsel, det er nok det som driv han, seier Vimme som tykkjer det er viktig å ta med sonen på tur.

No prøver han å få William hekta på langrennsski og turski for å få han med på vinterturar også. Frå før har William allereie blitt hekta på isklatring.

– Eg går mykje i fjellet når eg er hos pappa. Vi fyrer opp bål og går inn i grotter og klatrar og er mykje ute. Og mange gongar overnattar vi ute, og det er utruleg moro, fortel William.

I år har pappa Vimme planar om ei 300 meter lang klatrerute i grad fem pluss og Vimme lovar at William skal få køyrt eg på denne turen.

William fortel at han og faren òg har planar om å ein ny klatretur på Stetind, men då skal dei klatre den andre ruta. Med 12 timar klatring i strekk.

– No skal det opne klatrehall her i Høyanger og då skal eg få meg årskort, så då blir det klatring her og, fortel William.

William og Jan Vimme

I TELET: Far og son Vimme i teltet under turen til Stetind.

Foto: privat