Hopp til innhold

1000 kroner for beste tips

Kvar månad deler vi ut ein tusenlapp til det beste tipset den månaden.

NRK Sogn og Fjordane
Foto: Alf Vidar Snæland

Vi ynskjer tips, bilete og videoar om hendingar i Sogn og Fjordane. Alle tips som vert brukte, vert honorerte med fem flaxlodd.

Har du eit tips? Ring oss på 57 72 42 42 eller send ein epost til sf@nrk.no.

Du kan også sende SMS/ MMS til 1987 med kodeord SF. NRK har også ein eigen tipsportal der du kan sende tipset ditt: nrk.no/03030/

Ta kontakt når som helst

Hovudkontoret i Førde er bemanna frå klokka 05.00 til 22.00 måndag–fredag, frå klokka 07.30 til 21.30 laurdag og frå klokka 08.00 til 22.00 søndag.

Men ver ikkje redd for å ringe oss utanom arbeidstid – både natt og dag – når noko skjer. Redaktør og redaksjonssjefar har mobiltelefonar for at folk skal nå oss!

Distriktsredaktør:

Redaksjonssjefar:

Vaktsjefane våre er:

Telefonnummeret til sentralbordet vårt er 57 72 42 42. Adressa er: NRK Sogn og Fjordane, boks 100, 6801 Førde.

Har du bilete?

Dersom du har teke bilete eller video av hendingar med nyhendeverdi, er vi svært interesserte i få hand om det – til bruk både i fjernsynet og på internett.

Har du bilete eller video kan du sende dei til sf@nrk.no eller sende til 1987 med kodeord SF. Vi har også andre moglegheiter for overføring av bilete og video. Ring gjerne og tips oss også.

Store avstandar

Dei store avstandane i Sogn og Fjordane gjer det ekstra viktig for oss å få rask beskjed når noko skjer.

For å dekke hendinga for fjernsyn og internett må vi ut på plassen, og til tidlegare vi veit kva som har skjedd til betre og raskare informasjon kan vi gje lesarar, lyttarar og sjåarar.