1000 kroner for beste tips

Kvar månad deler vi ut ein tusenlapp til det beste tipset den månaden. Er det mange gode tips, vert det delt ut fleire tusenlappar.

Alle tips som vert brukte, vert honorerte med fem flaxlodd.

Ring oss på 57 72 42 42 eller bruk skjemaet under for å sende tips! Har du bilete eller andre filer du vil sende som vedlegg, bruk sf@nrk.no

Vi ynskjer tips, bilete og videoar om hendingar i Sogn og Fjordane.

Ta kontakt når som helst

Hovudkontoret i Førde er bemanna frå 5 om morgonen til 22 på kvelden kvar yrkedag, frå 7-19 laurdag og frå 10-22 søndag. Men ver ikkje redd for å ringe oss utanom arbeidstid – både natt og dag – når noko skjer.

Redaktør, redaksjonssjef, vaktsjefar og lokalkontormedarbeidarar har mobiltelefonar for at folk skal nå oss!

Du kan også kontakte vaktsjefane våre:

  • Lars Petter Degnepoll 959 94 609
  • Linda Olin Reite 975 00 907
  • Rune Fossum 918 74 111
  • Stein Jarle Aase 477 56 352

Telefonnummeret til sentralbordet vårt er 57 72 42 42, du kan fakse til 57 72 42 34 eller du kan sende brev til: NRK Sogn og Fjordane, boks 100, 6801 Førde.

Har du bilete?

Dersom du har teke bilete eller video av hendingar med nyhendeverdi, betalar vi ekstra for å få tak i dei – til bruk både i fjernsynet og på internett.

Har du videoopptak er det fint om du ringjer oss. Har du digitalbilete kan du sende dei til sf@nrk.no , men hugs også å ringje og gje beskjed. Kor mykje vi betalar vert avtalt for kvar gong.

Vi tek også gjerne i mot mobiltelefonbilete. MMS-bilete kan sendast til 1987. Skriv "tips" i tekstfeltet, og deretter mellomrom og ditt namn og adresse, og helst kva motivet på biletet er. Om du sender inn slike bilete må du i tillegg tipse redaksjonen på vanleg telefon.

Store avstandar

Dei store avstandane i Sogn og Fjordane gjer det ekstra viktig for oss å få rask beskjed når noko skjer.

For å dekke hendinga for fjernsyn og internett må vi ut på plassen, og til tidlegare vi veit kva som har skjedd til betre og raskare informasjon kan vi gje lesarar, lyttarar og sjåarar.

Skredet issolerte dei frå omverda.
Fylkesveg 242 mellom Skjerdal og Aurlandsvangen er stengd etter at det gjekk eit stort steinras og fleire mindre jordskred nedover elva Volda i dag tidleg.
Kameratane Tore Høgalmen (18, Ole Martin Flatjord (18) og Eirik Hellerud (19) har gjort sitt for å markere nasjonaldagen. For andre året på rad har dei pynta fjellet over Gloppefjorden i Sogn og Fjordane i dei norske fargane.