Hopp til innhold

Straumen av utanlandske turistar førde til rutebildrift for 100 år sidan

I år er det 100 år sidan den første rutebilen rulla på vegen mellom Sandane og Vadheim. Den aukande straumen av utanlandske turistar var årsaka.

Fjordenes Automobilselskap - persontransport ca. 1920

TETTPAKKA: Dei fekk med mange på rutebilane dei første åra, men tryggleiken var så som så.

Då ein innleigd bil køyrde prøveturen i 1912 hadde det gått nesten 11 år sidan den aller første bilen køyrde inn i fylket via vegen over Filefjellet. Det var den nederlandske eventyraren Petrus Beduin som i 1901 hadde sett seg som mål å erobre den norske «villmarka» med bil.

Fire år seinare, i 1905, var Gabriel L. Bjørnereim frå Breim den første i Sogn og Fjordane som kjøpte sin eigen bil. Men det skulle altså gå endå nokre år før nokon fann ut at dette nymotens, bråkete og illeluktande spetakkelet kunne brukast til noko samfunnsnyttig.

Lærdølene først i gang - utan løyve

Den første bilruta i Sogn og Fjordane kom i gang i 1909, frå Lærdalsøyri over Filefjellet til Fagernes. Dei som stod bak, søkte om løyve, fekk avslag, men sette likevel i gang. Og i 1914 starta første ruta over Hemsedalsfjellet .

(Artikkelen held fram under biletet).

Kåre Hovland med veteranbil i Lærdal

VETERAN FRÅ 1923: Denne Cadillacen frå 1923 var ein av dei første bilane som køyrde over Hemsedalsfjellet. Bak rattet Kåre Hovland, som har restaurert bilen.

Foto: Arild Nybø / NRK

I dei andre delane av fylket var dei meir lovlydige enn lærdølene. For der venta dei til dei fekk løyve. Og dei som venta var i første rekkje hotelleigarar.

For det var den veksande turiststraumen som fekk hotelleigarane til å innsjå at dette var framtida. Det tok si tid å frakte folk frå Vadheim til Nordfjord med hest og kjerre, og for mange av dei utanlandske turistane hadde bilen alt i mange år vore eit naturleg framkomstmiddel. Og det var nærliggande for mange av dei å fortelje hotellvertane om kor mykje fortare ein kunne ta seg fram med bil.

(Artikkelen held fram under biletet).

'Fjordenes Automobilselskap-bil ca. 1920 på Sandane

IKKJE AKKURAT KOMFORTABELT: Slik vart passasjerane frakta dei første åra.

Foto: Riksarkivet

Mange bremseklossar

Men styresmaktene i fylket var ikkje akkurat dei som skunda på utviklinga. Tre søknader, to frå Sunnmøre og ein frå Oslo om løyve til rutedrift, vart avslegne i 1908.

Men i 1910 skjedde det noko med utgangspunkt i fylket. Eigaren av Hotel Gloppen, Christian A. Ryg, tok initiativet. I 1911 fekk dei løyve, og i 1912 gjekk den første turen, ein slags pr-tur mellom Sandane og Vadheim, med ein innleigd bil frå Hotel Union i Geiranger.

Etter denne turen vart A/S Fjordenes Automobilselskap skipa. Dette var forløparen til Firda Billag , som vart skipa i 1920. Og no dukka det opp bilruter fleire stader. I 1912 starta turistrutra Oppstryn-Otta-Geiranger, og i 1914 vart Nordfjord og Sunnmøre Billag skipa.

Men det var ikkje akkurat fritt fram for rutebilane. Mange såg på bilen som ein styggedom som skremde hestar og andre husdyr. Ein del lokale hotelleigarar motarbeidde og rutebiltrafikken så godt dei kunne.

Men motstanden varde ikkje så veldig lenge. Bilen var komen for å bli. Og mange smågutar tente seg ekstraskillingar på jobben som grindegut. For grinder var det mange av på vegane.

(Artikkelen held fram under biletet).

Rutebil på Fossetunet i Sogndal 1930-tal

Rutebil på Fossetunet i Sogndal på 1930-talet.

Foto: © Fylkesarkivet

Mange lokale billag

I Sogn var det hotelleigaren Peder J. Næss som tok opptakten til kjøp av den første rutebilen i Sogndal og skiping av Indre Sogns Automobilselskap i 1916 med ruter frå Sogndal til Fortun og Jostedal. Sogn Billag vart ikkje starta før i 1936.

I Aurland vart Vangens Bilruter skipa i 1928, dette vart seinare til Aurland Billag. Årdal Billag vart skipa i 1934 og starta trafikk på den nyopna og spektakulære vegen mellom Øvre Årdal og Tyin.

I Gulen må vi heilt til fram 1947 før Rutebilane i Brekke vart skipa. Same året starta Rutebilane i Bremanger. Også i Vågsøy og på Rygg i Gloppen var det mindre bilselskap nokre år.

To store og to små att

Dei siste åra har det skjedd mykje i rutebilnæringa i Sogn og Fjordane. To av dei store selskapa, Sogn Billag og Nordfjord og Sunnmøre Billag, vart ein del av Fjord1 -konsernet, som så i 2011 selde 51 prosent av bussdivisjonen sin til Nettbuss, landets største rutebilselskap.

Året før, i 2010, selde Fjord1 godsbildivisjonen sin til Firda Billag, som så skilde godsdelen i selskapet ut i eit nytt selskap, Transferd.

Frå før er nesten alle dei mindre rutebilselskapa oppkjøpte av dei store, dei einaste unnataka er Rutebilane i Brekke og Rutebilane i Bremanger.

Firda Billag i Førde med ekspressbuss

100 ÅR ETTER STARTEN: Det er ein viss skilnad på dagens ekspressbussar og dei første rutebilane.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK