Hopp til innhold

10-årsjubilant med stødig fotfeste

Ungdomsavdeling for psykisk helsevern gav ungdom innsikt i ulike behandlingsformer då avdelinga markerte 10-årsjubileum fredag.

Psykisk terapi

BALLSPEL: Det ser kanskje ut som ballspel, men dette er ein av mange terapiformene for ungdom.

Foto: Elias Engevik / NRK

Frank Kalstad

GODT NØGD: Seksjonsleiar i Helse Førde, Frank Kalstad

Foto: Elias Engevik / NRK

Det er veldig kjekt å fylle 10 år på denne måten med å vise fram avdelinga, smiler seksjonsleiar Frank Kalstad.

Etter mange turbulente år med trussel om å bli lagt ned, har Ungdomsavdelinga for psykisk helsevern, UPH, ved Førde Sentralsjukehus endeleg fått eit stabilt fotfeste.

Fredag feira avdelinga 10-års jubileum med open dag og Kalstad kunne med glede ta i mot dei som kom innom for å lære meir om ungdommar og psykisk helse.

Vil vise korleis dei jobbar

Kalstad fortel at det er mange som lurar på kva som går føre seg UPH, og det er viktig for dei å vise folk kva som skjer når ungdommane vert tatt inn. Blant dei som kom innom var elevar frå Mo- og Øyrane vidaregåande skule.

– Det er veldig sterkt på ein måte, men interessant på ein annan måte.

17 år gamle Lena Bjørkelund er elev ved Mo- og Jølster vidaregåande skule. Ho kom saman med resten av klassen sin til Open dag ved UPH for å lære meir om ungdommar og psykisk helse. Ho tykkjer dei har fått lærerik informasjon.

Ungdomsavdeling for psykisk helsevern i Helse Førde fyller 10 år. Idag var det open dag, og skuleelevar frå Mo- og Øyrane vidaregåande fekk besøke klinikken for å lære om psykisk helse og terapien dei tilbyr.

MANGE INNTRYKK: Elevar frå Mo og Øyrane vgs. fekk sjå kva som går føre seg i psykisk behandling for ungdom. (Video/redigering: Elias Engevik)

– Som ungdom sjølv så har dei fleste av oss det veldig godt, men nokon av oss har det veldig vanskeleg, alt er ikkje alltid like bra for alle og da er det godt å vite at tilbod som dette finst, meiner Bjørkelund.

Ungdommar frå heile Sogn og Fjordane

Det var barne- og ungdomspsykiatrer Andras Vikar som haldt eit lite foredrag for elevane der han forklarte korleis det er på UPH.

UPH tek i mot unge folk mellom 12 og 18 år frå heile Sogn og Fjordane som har det såpass vanskeleg i kvardagen at det går utover deira psykiske helse. Det er plass til fem ungdommar om gangen. I tillegg har dei ei seng som vert brukt ved akutte tilfelle.

På UPH driv ungdommane med fysisk aktivitet og ulike typar terapiformer. Opplegget er tilpassa den enkelte personen.