Hopp til innhold

Evakueringsvarsel i Luster

I Luster har fleire bustader i Fortunsdalen blitt førehandsvarsla om evakuering på grunn av flaumfare. Vasstanden der er aukande og magasina til Hydro Energi sine kraftverk er i ferd med å fyllast opp. Kommunen er no i beredskap, men ordførar Ivar Kvalen seier dei forventar at det vil vere mest kritisk på søndag og måndag.