Hopp til innhold

Eikefjord vil ha større hall

Eikefjord grendelag har bedd utbyggjar Skanska om pris på ei forlenging av fleirbrukshalen med fire meter, skriv avisa Firdaposten. Grendelaget har allereie fått ein pris på om lag 2,7 millionar kroner for dei ekstra metrane, og ser for seg at dei kan få 1,7 millionar kroner meir i spelemidlar når hallen får fleire funksjonar. Grendelaget ber Flora kommune om at saka vert lagt fram for bystyret i juni.