Utan spor etter sakna kvinne
Politiet ber om tips frå publikum i leitinga etter ei kvinne i 20-åra som er framleis sakna frå Årøy i Sogndal. Det har ikkje vore livsteikn frå kvinna sidan laurdag. Store leitemannskap har sidan måndag leita i eit stort område aust for Sogndal sentrum. 44 personar deltok onsdag i søket.