Hopp til innhold

Ny bussavgang Sogndal - Oslo

Nettbuss startar opp ein ny bussavgang mellom Sogndal og Oslo. Busseselskapet opplyser at dei har fått kortare køyretid på grunn av eit nytt veganlegg i Buskerud. Dermed kan dei ha ein ekstra avgang som kan vere eit alternativ eller supplement til fly for mange reisande. Eit samrøystes hovudutval for samferdsel gjekk sist veke inn for at Nettbuss for oprette den nye ruta.