Hopp til innhold

Overheldt ikkje vikeplikta

Ein bilførar fekk i morgontimane forenkla førelegg og tre prikkar i førarkortet då han ikkje overheldt vikelplikta ved eit gangfelt utanfor Svelgen barne- og ungdomsskule. I tillegg fekk ein førar førelegg for å ha køyrt i 56 km/t i 50-sona. Det vart også skrive gebyr for manglande bruk av bilbelte og utslitte dekk.