Hopp til innhold

Halvert kvote og slukforbod i Eidselva

Grunna svært dårleg fiske og låg vasstanda i Eidselva vedtok styret i Eid Elveeigarlag å innføre fangsbegrensande tiltak i elva.

Sven Morten Eikeset

IKKJE NØGD: Leiar i Eid Sportsfiskarlag, Svenn Morten Eikeset, trur ikkje ein blir nøgde med resultatet i Eidselva i år.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Det har tidlegare vorte varsla at Eidselva, som ligg i Eid kommune, kunne bli stengd. På styremøtet vart dette diskutert, men styret avgjort å halvere kvoten, samt at det frå måndag blir forbod mot å fiske med sluk.

– Vi følgje ein plan som vart sendt inn til fiskeforvaltar over kva tiltak som skulle settast i verk ved midtsesongsevalueringa, fortel leiar i Eid Sportsfiskarlag, Svenn Morten Eikeset.

Ikkje eit akuttiltak

Evalueringa var ei planlagt hending og Eikeset fortel at dei set inn dei tiltaka som er naudsynte og tidlegare varsla.

– Når ein ser på dei fire fyrste vekene ligg gytebestandsmålet på om lag 90 prosent av oppnåinga, og vi følgjer dei tiltaka som er sett for dei graderte prosentane. Men vi skal vurdere tilstanden på nytt om to og ei halv veke, fortel han.

Eikeset er ikkje nøgd med resultatet så langt i sommar, og skulle ønskje at det var meir fisk som vart fanga.

– Det er klart det er litt fisk, men det er ikkje snakk om noko særleg mengde, verken i elva eller som blir teke på land, seier leiaren.

Trur på dårleg sesong

Trass i at det er lite fisk i elva kjem det fiskarar som prøvar seg, og Eikeset meiner det er mogleg å få napp, men ikkje på dagtid.

– Elva er såpass klar at ein må fiske kvald, natt eller morgon om ein skal vere heldige å få noko, seier han.

Trur du tilstanden vil betre seg utover sommaren?

– Eg har vanska for å tru at ein kjem opp i dei mengdene som skal til for at vi skal bli nøgde, seier Eikeset.