Hopp til innhold

Carola tok Solvorn med storm

Carola Häggkvist valsa inn frå sakristiet og tok ei fullsett Solvorn-kyrkje med storm og overrasking.

Carola tok Solvorn med storm

– Eg elskar å vere ei overrasking og eg elskar overraskingar sjølv strålte Carola Häggkvist etter at den første av to konsertar i Solvorn Kyrkje var unnagjort laurdag kveld.

Mannen som hadde sytt for at konserten fekk den overraskande avslutninga kjempa med tårene då han såg Carola entre scena.

Måtte grine

– Då eg fekk beskjed om at ho hadde sagt ja stod eg med telefonen heime i stova, og då vart eg så glad at eg begynte å grine, seier rådgjevar Trond Johansen i Sogn og Fjordane indremisjon.

Og då Carola kom til Solvorn måtte den lettrørte konsertarrangøren ty til tårene igjen og igjen.

For den svenske artisten brukte ikkje lang tid på å løfte stemninga i kyrkja til nye høgder.

(Artikkelen held fram under biletet)

Trond Johansen i Solvorn Kyrkje

RØRT: Konsertarrangør Trond Johansen frå Sogn og Fjordane indremisjon klarte ikkje halda tårene tilbake.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Strengt hemmeleghald

Dei siste månadene har Johansen tvihalde på hemmelegheita om kven som skulle avslutta jubileumskonserten i kyrkja.

Julekonsertane med lokale kor og artistar har opparbeidd seg ein solid status gjennom åra, dei to framsyningane var utselde lenge før rykta tok til å svirre om ein celeber gjesteartist.

– Eg har jobba med dette sidan 2008. Dette har me fått til fordi me er mange som løftar i lag, og så har eg fått litt hjelp frå folk eg stolar på i næringslivet, seier Johansen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Carola Häggkvist i Solvorn Kyrkje
Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Damli eller Kyrkjebø?

Då den første konserten starta klokka 17.00 laurdag ettermiddag var det framleis svært få i salen som visste kven gjesteartisten var.

Blant publikum gjekk spekulasjonane i Tone Damli eller Sissel Kyrkjebø, medan Johnsen tviheldt på maska.

– Det har vore forferdeleg å ikkje kunne seie dette til nokon. Dette blir det lenge til eg gjer igjen, sa han i det konserten starta.

Smugla inn bakdøra

Medan konserten gjekk sin gong vart Carola Häggkvist køyrt fram til døra til sakristiet og raskt ført inn slik at ho var på plass akkurat til konserten skulle avsluttast.

Inne i kyrkja annonserte Johnsen at dei måtte framføre Carola-salmen «Himlen i min famn», og at då var det best å sleppe til originalen.

Eit måpande publikum såg Carola kome inn frå sakristiet og sette i gang med salmen, etterfølgt av to andre songar før det heile toppa seg med «Go tell it on the mountain».

– Eg elskar overraskingar. Det är alltid så kul. Og det å sjå Trond var moro. Han var som eit lite barn. Han var rørt og grein. Det var fantastisk. Det er takknemleg å vere overrasking, seier Carola.

Carola Häggkvist og Trond Johansen i Solvorn Kyrkje

KLEM: Ein rørt Johansen kasta seg i armane til Carola etter første konsert.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK