Helge Einebærholm. - Foto: Øystein Windstad / NRK
Foto: Øystein Windstad / NRK

- Trudde spekematen var trygg

Det kom overraskande på Mattilsynet at det truleg er spekemat frå Sogndal som er årsaka til at mange born er smitta av den farlege E.coli-bakterien.

- Normalt er spekemat trygg mat fordi vi har ein vekst av gode bakteriar, som gjer at det er eit sikkert produkt. Difor hadde vi i utgangspunktet ikkje sterke mistankar til spekemat, men det er no truleg motbevist, seier distriktssjef i Mattilsynet, Rune Myklatun.

Sognemorr og Haugpølse

I dag vart det kjent at Mattilsynet meiner spekepølse frå Gilde sitt dotterselskap Terina i Sogndal mest truleg er årsaka til utbrota av E.coli-bakterien 0103 hos mange born.

Sognemorr

Mattilsynet har fått stadfesta at pasientane kan knytast til Gilde Birkebeiner Fjellmorr, Gilde Birkebeiner Sognemorr og Gilde Haugpølse. Tilsynet ber no folk om ikkje å ete desse produkta, som vert produserte ved anlegget i Sogndal

Mattilsynet har også forbode sal av dei same produkta. Forbodet gjeld varer som er produsert i perioden 1. desember 2005 til og med 20. mars 2006. Varene har lotnummer frå og med L5484 til og med L6121. Verksemdnummeret til Terina er 429. Dette nummeret står saman med lotnummeret på emballasjen.

Handlar på mistanke 

Mattilsynet understrekar at dei framleis handlar på mistanke, og at dei ikkje har funne E.coli-bakterien i produkt frå Sogndal. Det var nye intervjurunder i helga som gjorde at tilsynet kasta augene på Sogndal.

Terina sitt anlegg i Sogndal. - Foto: Heidi Lise Bakke / NRK
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

- I løpet av helga har Mattilsynet og Nasjonalt folkehelseinstitutt gått gjenom alt kjent materiale på nytt. Etter å ha fått inn meir utfyllande informasjon, blant anna gjennom nye direkte intervju med fleire av dei råka familiane, framstår spekepølse frå Gilde Terina, Sogndal, som mest trulege årsak til E.coli-utbrota, heiter det i ei pressemelding frå Mattilsynet. 

Preben Aavitsland, avdelingdirektør i Folkehelseinstituttet, opplyser at sju av dei 13 borna som har fått E.coli-bakterien i seg, har ete pølse frå Terina i Sogndal. Også tre av dei andre borna kan ha ete spekepølsene. Fleire av dei smitta borna har fått nyresvikt og eitt barn døydde nyleg av smitten.

Arbeidar med å spore kjøtet

I heile dag har tilsynet teke prøver frå anlegget i Sogndal. Dei ventar svar på prøvene mot slutten av veka. Det pågår også eit omfattande arbeid med å spore kvar kjøtet som er brukt i spekepølsene kjem frå. På ein pressekoferanse klokka 14 i Sogndal ville ikkje Mattilsynet opplyse kva for slatekri som leverer kjøt til Terina.

Mattilsynet har også funne ut at over 60 prosent av Fjellmorrpølsa frå Terina er omsett i Hedmark og Oppland, der det har vore fleire sjukdomsutbrot. Dermed meiner tilsynet at det er mindre sannsynleg at det er kjøtdeig frå Gilde sitt anlegg på Rudshøgda som er smittekjelda.

Får pengane tilbake 

Grethe Skundberg, informasjonssjef i Gilde. - Foto: NRK /
Foto: NRK

Grethe Skundberg, informasjonssjef i Gilde, ber alle som har pakkar av denne typen spekemat liggjande om at dei med tilbake til butikken. Her vil dei få pengane tilbake.

- Gilde tek igjen ansvar. Det gjer at dei pålegga om tiltak som Mattilsynet gjev oss, dei følgjer vi, seier Skundberg.

Skundberg seier dei tilsette i Sogndal no jobbar på spreng med å skaffe seg oversikt over situasjonen. Selskapet vil også på eigahand ta prøver frå anlegget.

Tek prøver på eigahand

Heller ikkje Mattilsynet er ferdige med å ta prøver.

- Mattilsynet vi no føreta nærmare analyser av dei aktuelle produkta for å få stadfesta ein samanheng mellom Terina sine anlegg og dei smitta pasientane. Dette vil ta nokre dagar og analysene vil neppe vere klare før mot slutten av veka, seier kommunikasjonsrådgjevar Øyvind Henriksen i ei pressemelding.

Fleire nyhende

Frykter kirkegård skal rase ut
Evakuerte innbyggjarar i Flåm kan no dra heim etter flaumen. 
Men 35 av dei rundt 200 evakuerte kan ikkje flytte hjem igjen enno, og 15 har behov for ny bustad på lang sikt.
Bærbonde Arne Slogvik i Lærdal har mista fleire mål med moreller og bringebær.

Kvar er dette?

Kvar er dette? - Foto: Ottar Starheim / NRK
Foto: Ottar Starheim / NRK

Veit du kvar dette er? Du kan vinne Flax-lodd

Høyr sendingane våre

Gro Ravnestad - Foto: Arne Stubhaug / NRK
Foto: Arne Stubhaug / NRK

Høyr alt vi sender - direkte og i opptak

Vestlandsrevyen

Vestlandsrevyen - Foto: Marit Hommedal / Scanpix
Foto: Marit Hommedal / Scanpix

Sjå Vestlandsrevyen her