Hopp til innhold

- Tankelaus kritikk mot Tore

Målfrid Tveit frå Feios er oppgitt over kritikken som har kome etter "Tore på sporet"-programmet søndag kveld.

Tore på sporet

Bjarte Rinde Tveit frå Feios møtte den biologiske mora si i 'Tore på sporet'.

Foto: NRK

I Dagbladet måndag kom det fram at ei gruppe på 21 adoptivforeldre har skrive brev til Tore Strømøy og kritisert han for å ha hjelpt ei koreansk kvinne med å finne sonen sin i Norge.

Fann sonen i Feios

Målfrid Tveit og Ingvar Rinde adopterte i 1992 ein fem og eit halvt år år gamal gut frå Korea. I programmet som vart sendt søndag møttest guten og den biologiske mora i Feios. Tore Strømøy hjelpte mora, Hyang Sook-Kang, med å finne sonen. Då han fann ut kvar sonen budde, tok han først saka opp med adoptivforeldra. Dei stilte seg positive til at sonen fekk møte den biologiske mora.

Rørande møte

Dei som såg "Tore på sporet" søndag fekk eit rørande møte i strålande ver og med sognenaturen på sitt vakraste då den biologiske mora til Bjarte Rinde Tveit fek sjå att sonen som ho ikkje hadde sett på 17 år.

Dei fekk og med seg at adoptivforeldra og den biologiske mora fekk nær kontakt trass i språkvanskar, og familien i Feios har alt vore på gjenvisitt i Korea.

(Artikkelen held fram under biletet.)

– Tore har gjort kjempejobb

Tore Strømøy og Hyang Sook-Kang

Tore Strømøy saman med Hyang Sook-Kang i Korea.

Foto: NRK

Målfrid Tveit har vanskar med å forstå den kritikken som har kome med Tore Strømøy etter programmet.

– Det er heilt tankelaust. Tore har gjort ein kjempejobb, han er ein fantastisk fin person, og han har ikkje gått fram på nokon kritikkverdig måte. Han brukte lang tid på å tenke over saka, og då han tok kontakt med oss brukte vi god tid på å snakke om alle sider før vi fortalde Bjarte at den biologiske mora hans ville møte han.

– Bjarte sitt eige val

– Det folk må forstå er at Bjarte no er 22 år og vaksen. Difor var det heilt og fullt hans val å ta imot Hyang Sook-Kang. Hadde han vore ti år hadde saka stilt seg annleis. For oss var møtet og programmet veldig positivt. Folk må tenke på at alle har eit biologisk opphav.

– Berre positiv respons

– Korleis har responsen vore etter programmet?

– Vi har fått veldig mykje positiv respons og ikkje noko negativt. Folk likar slike program i staden for all krig og vald som vi får servert nok av .

I programmet sa Bjarte klart frå at sjølv om han no har møtt den biologiske mora så er det Målfrid og Ingvar som er foreldra hans.

– Det er rart med det. Det er ho som plastrar kneet når barnet slår seg som er mora, seier Målfrid Tveit.