Hopp til innhold

Professor: Indre strok på Vestlandet kan tape på eit ferjefritt E39

Professor i samfunnsplanlegging, Jørgen Amdam, meinar at eit ferjefritt E39 vil skape større skilnader mellom indre og ytre strok på Vestlandet. I dag barkar politikarane saman om vegen som skapar store stridar.

Jørgen Amdam

SKILNADER: Professor Jørgen Amdam strur ferjefritt E39 vil skape store endringar og skilnader på Vestlandert.

Foto: NRK

Eit stort politisk flertall i Norge vil ha eit ferjefritt E39 innan 20 år, noko som vil bety at tunnelar eller bruer vil erstatte ferjene på åtte fjordar. Og dei som bruker ferjene vil gjerne ha ein ferjefri fremtid, i alle fall dei vi snakka med denne veka.

Professor Jørgen Amdam trur ferjeavløysingsprosjektet særleg fører til eit sterkt sørvestland mellom Bergen, Haugesund og Stavanger med sannsynlegvis 700.000 til 800.000 innbyggjarar.

– Aukande problem

– Dei kan bli ein skikkeleg motpol til Oslo, om dei berre greier å samarbeide. Med Møreaksen vil vi få mykje tettare kontakt mellom dei fire byområda i Møre og Romsdal, og som også vil dra med seg deler av Nordfjord, seier Amdam til NRK.

Men kva med alle dei andre områda, som ikkje vil få ein dagleg nytte av ein ferjefri stamveg langs Vestlandskysten?

– Dei store utkantområda, som er størsteparten av Sogn og Fjordane, indre deler av Møre og Romsdal og Hordaland, kjem til å berre få aukande problem fordi tyngdepunkta blir skyvd ut mot desse to sentrumsområda, sler Amdam fast.

I dag møtes politikarar, næringslivsfolk, vegbyråkratar og andre til den store Stamvegkonferansen no før valet. Der vil det og vere ein valdebatt om framtida for E39 mellom sentrale riks- og regionpolitikarar.

Denne vil blir sendt direkte på NRK Sogn og Fjordane og NRK Møre og Romsdal frå klokka 14.00. Har du innspel til debatten om opprusta E39, bruk gjerne Twitter med emnemerke #nrksf, #nrkmogrvalg og #nrkvalg.

Dei store utkantområda, som er størsteparten av Sogn og Fjordane, indre deler av Møre og Romsdal og Hordaland, kjem til å berre få aukande problem fordi tyngdepunkta blir skyvd ut mot desse to sentrumsområda

Professor Jørgen Amdam

– Større bakevjer

– Bakevjene kan bli enda større bakevjer enn dei er i dag?

– Det kan dei bli. Det som skjer med slike strukturendringar er at sentralområda blir sterkare. Ein vil også sjå skilnader i dei perifere områda mellom dei som er vellukka og dei som er mindre vellukka. Eit område som Stryn med oppegåande industri, store hytteområde og liknande, vil truleg gjere det langt, langt betre enn til dømes Hjørundfjorden eller Gloppen, hevdar professoren.

Han meiner at det er er all grunn til å tru at skilnaden berre vil aksellerere.

– Noko av den sterke nedgangen vi har sett i indre strøk er jo kopla til jordbruk som blir stadig meir rasjonalisert med stadig færre arbeidsplassar. Når befolkninga går det ned til det halve kvart 30. år, slik som i Hjørundfjord-området, er spørsmålet kven som stenger den siste døra.

– Færre kommunar

Professor Amdam sler fast at eit ferjefritt E39 vil føre både til auka sentralisering og auka urbanisering.

– Med den konsekvens at dei då vil kunne kunne tevle med andre senter og trekke til seg aktivitet utanfrå. Men samstundes vil det skje at dei som får vegtilkobling står sterkare i konkurransen enn dei som ikkje har det.

– Må vi vere budd på at med ferjefri E39 så vil vi få færre kommunar, færre sjukehus og færre skular til dømes?

– Ja, heilt opplagt. Vi ser at tilbod som ligg sentralt vil vinne, fordi dei har konkurransekraft i seg sjølv.