Hopp til innhold

- Set ut att holaksane

Lakseveteranen Bjarne Huseklepp oppmodar laksefiskarane om å sette ut att holaks I dei elvane der det har vore dårleg fiske.

Bjarne Huseklepp med laks

FANGST I MÅLSELV: Denne laksen fekk Bjarne Huseklepp i Målselv i Troms.

Foto: Håkon Huseklepp

Miljødirektoratet har pålagt fiskarane å gjere dette i elvane frå Trondheim og nordover, men Huseklepp meiner det kan vere lurt å gjere det same i Sogn og Fjordane, iallfall i dei elvane der det har vore smått med laks så langt.

– Dermed er dei sikra nok gytefisk når hausten kjem. Det er mitt råd til dei som sit og bestemmer i elvane: Syt for at det er nok gytefisk.

Han har inntrykk av at Sogn og Fjordane har kome betre ut enn lakseelvane lenger nord, og at det difor ikkje er innført restriksjonar her. Men elveeigarane har lov til å innføre eigne reguleringar

– Eg meiner alle no bør sette seg ned og vurdere om dei skal innføre friviljuge restriksjonar, eller bestemme at all holaks skal settast uti att.

Fisken er mager

Huseklepp har vore i Målselv i Troms og fiska i fire dagar, og han har inntrykk av at det er det same som går att i det meste av landet. Det er lite fisk, og den som er der er mager.

Han har ikkje noka god forklaring på kvifor det er slik, men meiner det må vere knytt til levevilkåra til laksen i den tida den er i havet.

– Det blir spennande å sjå utover hausten, det er sikkert folk som forskar på dette og gjer grundige undersøkingar, slik at vi får meir sikre svar.

Det tok tid før lakseveteranen Bjarne Huseklepp fekk laks i sommar.

Laks teken i Flekkeelva 11.7. 2013

FØRSTE LAKSEN I ÅR: Denne laksen tok Bjarne Huseklepp i Flekkeelva 11. juli.

Foto: Bjarne Huseklepp

– Ikkje rettferd i laksefisket

Men den 11. juli kom den første på land, i Flekkeelva.

– Eg hadde fiska lenge utan å få napp, og var eigentleg på veg heim. Då trefte eg på ein kar som fortalde at han hadde sett ein liten laks i ei høl. Han hadde fiska etter den i ein time utan hell og sa at no fekk eg prøve meg. Eg heiv uti, og der sat han på i første kastet. Det er ingen rettferd i laksefisket.

Sidan har det blitt fem laksar til på Huseklepp, to av dei i Målselv. Og i slutten av forrige veke fekk han tre laksar på eitt døgn i Flekkeelva.

– Eg driv og testar ein ny sluk, og på den fekk eg to laksar på to kast, og så fekk eg ein tredje laks på ei fluge eg testar. No har det vore skikkeleg stor vassføring, og når vassføringa går ned att er det gunstig å fiske.