Hopp til innhold

- Rådmennene bør gå av

- Rådmennene som har stått bak skandale-investeringane i Terra Securities burde gått av for lenge sidan, meiner professor.

Tor kristian Gulhaugen

Professor meiner Tor Kristian Gulhaugen og dei rådmennene i dei andre kommunane involvert i Terra-skandalen, bør gå.

Foto: NRK

Professor Thore Johnsen ved Norges Handelshøgskule i Bergen, meiner rådmennene i dei åtte kommunane burde trekt seg frå stillingane.

Dumme val og tankeløyse

Bremanger og Vik har til saman brukt over 400 millionar kroner på dei risikofylte obligasjonane. Estimert verditap for dei to kommunane er om lag 120 millionar kroner. Rådmennene hevdar at dei vart lurte trill trundt av meklarane i Terra Securities. Johnsen har liten sans for bortforklaringane og meiner at rådmennene har gjort for mange dumme val. Og når nokon har gjort noko gale, så må dei straffast.

- Når det er så mange dumme val og så mykje tankeløyse, så kan ein ikkje berre skulde på andre og at ein vart lurt. Her ville sjølv ein enkeltperson forstått at her må eg søke hjelp. Og dei søkte ikkje hjelp, seier han.

- Opp til politikarane

På spørsmål om rådmannen i Bremanger må gå av svarer ordførar Kåre Olav Svarstad følgjande:

- Det er kommunestyret som må ta den avgjerda. Kva eg meiner er ikkje relevant. Eg har ikkje opplysningar i dag som tilseier at nokon må gå frå sine stillingar, seier han. Rådmann Tor Kristian Gulhaugen var ikkje tilgjengeleg for kommentar.