Hopp til innhold

- Nordfjord sjukehus blir brukbart

– Blir alle planane for Nordfjord sjukehus realiserte, kan dette bli brukbart for pasientane i Nordfjord.

Nordfjord sjukehus

I ENDRING: Nordfjord sjukehus.

Foto: NRK

Åge Starheim

KRITIKAR: Åge Starheim har vore blant dei mest kritiske røystene til sjukehusomlegginga.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Det seier Frp-stortingsrepresentantane Åge Starheim og Jon Jæger Gåsvatn, etter å ha blitt orientert om framdrifta til prosjektet Framtidas lokalsjukehus.

Fekk orientering

Starheim og Frp har vore blant dei mest kritiske til sjukehusomlegginga på Nordfjordeid der ortopediavdelinga vart avvikla i desember, og fødeavdelingen står for tur.

Torsdag denne veka var Gåsvatn som sit i Helse- og omsorgskomitéen i møte med Helse Førde på Nordfjord sjukehus.

– Eg oppfatta mykje av det som vart sagt som positivt, seier Gåsvatn til Fjordabladet.

Fleire senger enn først planlagd

Jon Jæger Gåsvatn (Frp)

POSITIV: - Det er mange gode tankar, vi får sjå om dei blir realiserte, seier Jon Jæger Gåsvatn.

Foto: Falch, Knut / SCANPIX

Helse Førde har mellom anna oppjustert medisinsk sengepost frå 15 til 18 senger, flyttinga av overvakingsavdelinga er lagt på is, og truleg vil også slageininga bestå, skriv avisa.

Også Starheim ser no framover.

– Summen av det som kom fram under møtet er eit godt grunnlag å jobbe vidare etter. Så må vi gå ut frå at det faktisk også blir slik, seier stortingsrepresentanten frå Selje.

Mykje aktivitet

Ifølgje Fjordabladet skal framtidas lokalsjukehus på Nordfjoreid fyllast med aktivitet. Dette kan bli noko av innhaldet:

  • Fødetilbod ut over følgeteneste
  • Planlagd dagkirurgi i tillegg til skadepoliklinikk
  • Framleis slageining
  • Poliklinikkar innan mange område
  • Medisinsk avdeling med 18 senger
  • Flytting av overvakingsavdeling lagt på is