Hopp til innhold

- Må ha færre nynorskkommunar

Det seier Alfred Bjørlo i Måløy Vekst.

Alfred Bjørlo
Foto: Helge Mikalsen/VG / Scanpix

- Kommunestrukturen og dei barrierane dei skaper er distriktsnorge sin verste fiende. Vi må arbeida for at det skal verta færre nynorskkommunar, men fleire nynorskbrukarar, hevda Bjørlo.

Samla på landstinget

Dette kom fram då dei 116 nynorskkommunane i landet onsdag var samla i Loen på landstinget.


Fylkeskommunen er medarrangør til det tredagarlange Landstinget for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) som åpna tysdag denne veka, skriv fylkeskommunen på heimesida si.

Det var i debatten kring omdømebygging at Bjørlo kom med utspelet.

Kommunalminister Magnhild Meltveit Kleppa

Kommunalminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Foto: Gunnar Morsund / NRK

Kommunalminister Magnhild Meltveit Kleppa snakka om at omdømebygging er viktig.

- Eit godt omdøme vert stadig viktigare i konkurransen om kvalifisert arbeidskraft og vekst i folketalet, sa kommunalministeren.

Styrk identiteten

-Ein samla region, med folketal over ein viss storleik og ein større og lett tilgjengeleg arbeidsmarknad, er det som skal til for å sikra eit godt omdøme.

Ei verkeleggjering av visjonen om 45-minutters-regionen vil ha langt større effekt enn store ord i media, påpeikte Bjørlo på møtet.

Poenget til Bjørlo er at han meiner kommunstrukturen slik den er i dag ikkje fungerer, og det inkluderer nynorskkommunane. Han vil ha færre kommunar, men gjerne ha fleire nynorskbrukarar.
Bjørlo meiner ein må gløym dei eksterne profileringstiltaka.

- Sats heller på å styrka den interne identiteten og kulturen, råda Bjørlo.

Treng betre omdøme

- Nynorsk må ikkje få lov å verte eit reservatspråk for minoritetar i utkantkommunar på Vestlandet. Ungdomen treng gode førebilete som kan gje nynorsken eit godt omdøme, sa styreleiar Jan Magne Dahle i LNK.

Han viste til platepratar Ronny Brede Aase i NRK P3, som nyleg fekk Kultur- og kyrkjedepartementet sin nynorskpris for journalistar, som gode døme op kva ungdom vi vil ha.

Minner departementa på lova


Det er i år 30 år sidan Stortingsvedtaket som jamstelte nynorske lærebøker. Likevel får elevane i nynorskklassar i vidaregåande skular kvar haust erfare at lov er ein ting, praksis er noko ganske anna.

Meltveit Kleppa lova fornya innsats på nynorskelevane sine vegne, både ute i felten og ”heime” i Regjeringskvartalet til hausten.

- Sjølv i departementa kan dei til tider trenge å høyre eit alvorsord frå dei fire nynorskstatsrådane for å overhalde lova, sa statsråden.