Hopp til innhold

Merkeordning skal sikre fleire som Hossein lærlingplass

EIKEFJORDEN (NRK): Mange står utan lærlingeplass i fylket, men Hossein Akbari har vore heldig. No lovar ministeren tiltak for å skaffe lærlingplassar.

I Sogn og Fjordane og Hordaland står nesten 130 ungdommar utan lærlingeplass.

JOBBAR FOR FULLT: Hossain Akbari er lærling for Skanska, og står på for å få ferdig Eikefjord skule.

– Det var heilt fantastisk å få besøk av kunnskapsministeren som snakka om korleis ein skal få fleire lærlingplassar, seier Hossein Akbari som er lærling i Skanska og som er i fullt arbeid på Eikefjord skule.

I dag vitja kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen fleire skular i Sogn og Fjordane. Akbari er heldig som har fått seg lærlingjobb. I Sogn og Fjordane og Hordaland står nesten 130 ungdommar utan lærlingplass.

– Fleire må ta fagbrev

Kunnskapsministeren meiner samfunnet treng fleire fagarbeidarar i framtida.

– Undersøkingar Statistisk sentralbyrå har gjort viser at dersom ikkje fleire tar fagbrev vil vi mangle 90 000 fagarbeidarar i 2030. Det er innanfor privat og offentleg. Skal vi få dette til må fleire ta yrkesfagleg studieretning, og vi må få lærlingplassar.

– Vi kan ikkje tvinge bedriftene til å ta imot lærlingar. Dei tar inn lærlingar fordi dei vil bidra til å rekrutter arbeidskraft dei kan ha nytte av i framtida. Det er heilt avgjerande.

Ministeren lét seg imponere over skulebygget som er i ferd med å reise seg i Eikefjorden. No ønskjer han at fleire skal få delta i slikt arbeid – ved å auke prestisjen ved å vere lærlingbedrift.

Lanserer ny merkeordning

– Det nye er at i november i år lanserer vi ei merkeordning for lærlingordninga. Vi håpar bedriftene skal bruke dette for å vise at dei tar ordninga på alvor og at dei er ei lærlingbedrift. Vi veit jo at læringbedrifter tar samfunnsansvar, sa Røe Isaksen.

Både Flora kommune og Skanska fekk merket som viser at dei er ei lærlingbedrift overrekt av kunnskapsministeren.

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen besøkte også Halbrend skule, Flora ungdomsskule og ingeniørutdanninga i Florø.

For Hossein Akbari var møtet med ministeren og hans lovnadar godt nytt.

– Det var veldig, veldig bra.