Hopp til innhold

- Folk snur seg etter bilen vår

Åtte russejenter ved Hafstad vidaregåande skule i Førde har ein russebil som folk snur seg etter.

Video Russebil

SJÅ VIDEO: Russebil med folie.

For medan andre russ held seg til bilar i heilraud eller heilsvart farge med fantasifulle namn og ein del sponsorlogoar så har jentene skaffa seg ein langt meir dekorativ bil med namnet Mus of Nowhere.

Foliert russebil i Førde

SAUER OG JENTER: Sauer og jentene sjølve er ein del av dekorasjonen.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Jenter og sauer

Store foto av dei åtte jentene er eit svært iaugefallane trekk ved bilen, i tillegg ber den eit tydeleg preg av at dei er glade i sauer. Logoen til tv-programmet på NRK, Norsk attraksjon, har og fått plass. Om dei har fått godkjentstempel av Linda Eide skal vere usagt.

Foliert russebil i Førde

FIRE PÅ VENSTRE SIDE: Randi, Maren, Elisabeth og Metha prydar venstre sida av bilen.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Metha i Lida er ei av dei åtte jentene som eig bilen, og ho fortel at dei har fått Reklameloftet i Førde til å dekorere bilen.

– Vi var tidleg ute med å kjøpe oss russebil, vi kjøpte han alt i juni i fjor for 33.000 kroner. Og då var det at faren til Thea, Steinar Kjøde, kom på ideen om å ta kontakt med Reklameloftet.

– Og sidan vi var så tidleg ute så gjorde dei oss til sitt prosjekt, og det beste av alt er at vi har fått det heilt gratis. Det einaste dei kravde var reklameplass på bilen. Skulle vi ha betalt det det kostar med foliering ville det ha kome på rundt 20.000 kroner.

Foliert russebil i Førde

TRONAR ÅLEINE: Kari har fått plass på høgre framdør.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Alle ungar snur seg etter oss

Og det heile er slett ikkje gjort på slump. Jentene gjekk til profesjonell fotograf - Helle Foto - for å få teke bilete. Også det fekk dei gratis mot sponsorlogo på bilen.

– Vi er veldig nøgde med resultatet. Bilen var ferdig foliert 2. mai, og sidan har vi køyrt rundt eit par timar kvar dag. Vi elskar å råne, og alle ungar snur seg etter oss.

Foliert russebil i Førde

TRIO PÅ HØGRE SIDE: Hanna, Nora og Thea.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Dei åtte jentene er i tillegg til Metha: Randi og Kari Skei Bakketun, Thea Kjøde Øen, Hanne Marie Etnestad, Elisabeth Førde, Maren Farsund Nøtsund og Nora Karoline Berge.

Typisk norsk

Om namnet på bilen, Mus of Nowhere, fortel Metha at dei spelar på merkenamnet Moods of Norway.

– Det er typisk norsk. Og så er vi glade i sauer, dei er typisk norsk og færøyiske. Eg stammar frå Færøyane, og der er det veldig mykje sauer.

Og så har dei og fått med logoen til det populære tv-programmet Norsk attraksjon.

Så langt har dei ikkje vore utanfor Førde med bilen, men til helga skal dei til Breim. Og dei er blitt så glade i bilen at dei kvir seg til den dagen russetida er over og dei må seie farvel.

– Vi har så lyst til å behalde han, men det blir nok til at vi må selje, seier Metha.

Foliert russebil i Førde

NORSK ATTRAKSJON? Rett nok utan stempel frå Linda Eide.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK