Hopp til innhold

82-åring:- Eg er ein av dei heldige som får flytte heim

82 år gamle Ester Ølmheim er takknemleg for at ho er ein av dei som torsdag fekk flytte tilbake i huset sitt.

Ester Ølmheim

TAKKSAM FOR Å KOMME HEIM: Ester Ølmheim på 82 år fekk i dag komme heim i si eiga stove etter å ha vore evakuert i flaumen. Ho er takksam for at ho framleis har eit hus å bu i.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

– Eg har mykje å takke for. Eg er ikkje råka av det som er i Flåm, så eg er ein av dei heldige. Det var vemodig då eg måtte reise på kvelden, men det har gått fint, fortel Ester Ølheim.

82-åringen bur åleine i huset sitt, som ligg nær elva, og er omgitt av bratte fjell og fossar. Ho var ein av dei 143 som tysdag måtte pakke med seg nokre få eigedelar og forlate heimen på grunn av vassmassane som kom ned.

40 husstandar fekk torsdag løyve til å flytte fem. Fem hus er vaska vekk, seks er skadde og to hus står på kanten av elva og står i fare for å fare. Dermed er det framleis 13 husstandar som heller ikkje i natt får sove i eiga seng.

(Artikkelen held fram under videoen)

Evakuerte innbyggere i Flåm kan nå dra heim etter flommen. 
Men 35 av dei rundt 200 evakuerte kan ikkje flytte hjem igjen enno.

TV-sak: Frå Vestlandsrevyen. Reporter: Asgeir Heimdal Reksnes. Foto: Stine Kyrkjebø Johansen

Vanskeleg å forstå det som har skjedd

Ho fortel at regnet hølja ned då sonen kom til ho på kvelden, dei håpte i det lengste at vêret skulle gje seg, men det vart berre verre og verre.

– Vegen vart stengt og jernbana, då sa vi at no går det ikkje bra, og så kom det ei melding om at vi måtte evakuere og dei kom og henta oss, fortel Ølheim.

Etter dagens folkemøte er Maria Grymyr og familien også klare til å flytte heim. I fanget har ho ei lita jente, og i Vangen barnehage ventar ein 2-åring på å bli henta.

– Vi gler oss til å kome heim. Det har ikkje heilt gått opp for meg det som har skjedd. Det er grufullt, og vi tenkjer på dei som har mista alt, seier Grymyr.

Den vesle familien var heime då regnet starta å hølje ned. Det buldra kring dei, og dei ville prøve å kome seg høgare opp i dalen, men der fløymde vatnet allereie over vegen.

– Det var ikkje noko kjekt. Det vart ein nervøs og ekkel biltur, fortel ho.

(Artikkelen held fram under bildegalleriet)

– Set pris på det ein har

I to dagar har dei saman med dei andre evakuerte vore innkvarterte i Aurland, og i dag fekk dei endeleg kome tilbake. 82-åringen er glad for å kunne kome dit ho trivst best. På vegen heim har ho fått handla inn matvarer og no vil ho prøve å finne roa.

– Når ein ser det her, så set ein verkeleg pris på det ein har. Eg tenkjer på dei som har mist huset, dei eg kjenner så godt, seier ho.

Kva ho skal gjere no veit ho ikkje sikkert. Kanskje blir ho med dottera si, eller så blir ho verande åleine i huset sitt. Det ho til dagleg steller både hus og hage.

– Det er rart å vere åleine. Eg er ikkje utrygg, men ein har mange tankar om alt. Eg er litt oppskjørta no, og det tek tid å roe seg, for det skjedde så mykje og så brått. Det er ufatteleg at vi skulle bli råka av noko så fælt, seier Ølmheim.

Heller ikkje Grymyr trur det vil gå opp for ho kva som har skjedd.

– No byrjar kvardagen om litt, sjølv om det ikkje blir nokon vanleg kvardag den første tida, det er mykje som må gjerast og fiksast. Men i lag klarer vi det, vi er flinke til å hjelpe kvarandre i kriser, seier Grymyr.