- Vi har hatt fleire informasjonsmøte med dei tilsette etter at Mattilsynet kom med meldinga klokka 12 måndag. Det er klart dei blir påverka av situasjonen, seier informasjonssjef Grete Skundberg i Gilde Vest til NTB.
Mattilsynet har hittil hatt den sterkaste mistanken retta mot kjøttdeig som stamma fra Gilde-slakteriet på Rudshøgda, men måndag kunngjorde tilsynet at spekepølse frå Terina i Sogndal truleg er årsak til E.coli-utbrota.
95 tilsette
Det heileigde dotterselskapet til Gilde, Terina i Sogndal, har 95 tilsette. Mange av dei har jobba ved bedrifta i mange år. Skundberg kjenner ikkje til at det har skjedd noko liknande ved dette anlegget tidlegare.
- Dette er difor ein heilt ny situasjon for dei tilsette. Dei er klart påverka av det som skjer, tilliks med alle dei andre 5500 tilsette i Gilde, sier Skundberg til NTB.
Har stoppa produksjonen
Gilde trakk med umiddelbar verknad i dag tilbake dei tre spekepølsemerka Gilde Birkebeiner Fjellmorr, Gilde Birkebeiner Sognemorr og Gilde Haugpølse frå marknaden. Samstundes har selskapet stogga all produksjon og utkøyring av dei tre pølseprodukta. Elles går drifta som normalt. Det er heller ikkje planar om å permittere folk, opplyser Skundberg.