Hopp til innhold

- Åleinegang for kommunar kan svekke demokratiet

Fleire kommunar har i dag over 30 interkommunale samarbeid. Dersom dei vel å halde fram som eigen kommune kan talet på slike samarbeid stige. Det byr på utfordringar, trur ekspert og rådmenn.

Bent Aslak Brandtzæg

AVTALAR: Gode avtalar må til for å sikre samarbeid mellom kommunar i interkommunale samarbeid, meiner kommuneforskar Bent Aslak Brantzæg. Han er klar på at mange slike samarbeid utfordrar politikarane si evne til å ta grep i lokale saker.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Ein har allereie løfta ut ein del av lokaldemokratiet til andre forum. Blir det meir av dette, så kan ein stille spørsmål ved kva som blir att av lokaldemokratiet, seier rådmann i Hyllestad, Bente Nesse.

Bente Nesse

RAUDT LYS: Rådmann i Hyllestad har vurder kommunen si evne til å stå åleine i framtida. Etter hennar vurdering kjem kommunen dårleg ut åleine på åtte av ti punkt.

Foto: Pressefoto

Den vesle kommunen i Sogn er ein av fleire som i samband med kommunereforma også har greia ut konsekvensane av å halde fram som eigen kommune. Der blir det påpeika det same som i Askvoll, Gloppen og Aurland.

– Vi har allereie diskusjonar med Eid om felles landbrukskontor og skatteinnkrevjing, og eg er sikker på at vi vil gå saman om fleire tenester om vi ikkje blir slått saman, seier rådmann i Gloppen, Jan Kåre Fure.

Uroa for konsekvensane

Samarbeid mellom kommunar har pressa seg fram i dag fordi det blir stilt strengare krav til oppgåver innan helse, omsorg og skule. Kommuneforskar i Telemarksforsking, Bent Aslak Brandtzæg, seier det går ei grense for når ulempa ved samarbeid blir større enn fordelane.

– Etter kvart som talet på interkommunale samarbeid aukar vil det verke negativt på politikarane sin sjanse til å ha styring og kontroll om oppgåvene dei samarbeider om. Det kan bidra til å svekke lokaldemokratiet, meiner han.

Liknande uro uttrykkjer rådmann i Askvoll, Håkon Loftheim. Der har dei i dag mellom 20 og 30 samarbeid med andre kommunar.

– Det er meir tungvint å ta avgjerder, for det krev gjerne likelydande vedtak i alle samarbeidskommunane, seier Loftheim.

Hyllestad får raudt lys på åtte punkt

Rådmennene som NRK har vore i kontakt med meiner kommunen deira leverer gode tenester i dag, men at framtida byr på utfordringar. I Gloppen trur rådmannen at drifta må tilpassast ein kvardag med lågare inntekter. I Hyllestad har rådmann Nesse sett på kommunen si evne til å stå åleine ut ifrå 10 kriterium, og brukt trafikklys-fargane for å vurdere.

Jan Kåre Fure

ÅLEINE: Å stå åleine som eigen kommune betyr ikkje det same som å halde fram som før, meiner Gloppenrådmann, Jan Kåre Fure. Han trur inntektene vil gå ned og drifta må tilpassast det.

Foto: Borgar Sagbakken / NRK

– Slik eg vurderer det i dag, så har eg raudt lys på åtte av dei ti, seier Nesse.

Områda der ho ser store utfordringar i framtida er mellom anna økonomi, kapasitet, effektivitet, valfridom og rekruttering.

– Små kommunar har ikkje evna til å ha store fagmiljø, då må vi ha interkommunale samarbeid, seier rådmannen.

Forskaren meiner det er avgjerande at kommunane lagar gode system for å sikre godt samarbeid.

– I alle samarbeid må ein gje frå seg ein del makt og mynde for at det skal vere effektivt, og ein må styre på ein litt anna måte. System med eigarskapsmeldingar og rutinar gjev grunnlag for å følgje samarbeidet opp på ein god måte, understrekar Brandtzæg.