Olav Duun
Omhandler dato: 1929
Otto Hageberg fortel om romanen som reknast som Olav Duuns fremste verk. Kva verkemiddel brukar forfattaren for å få fram spenningane i Ragnhild, og korleis er forholdet mellom ho og Didrik, svigerfaren?
Olav Duun skreiv eit særeige språk, nynorsk med sterke innslag av namdalsdialekt. Mellom anna skreiv han ikkje bokstaven t til slutt i bestemte inkjekjønnsord, slik som i namnet på romanserien Juvikfolke.
Hageberg har arbeidd mykje med Olav Duun sine bøker.
Omhandler dato: 1880
Ein må tidleg krøkast den som god krok skal bli, er det eit ordtak som lyder. Dette ordtaket følgde nok forfattaren Olav Duun, for heilt frå han var liten har han skrive.
Her får du høyre vener og familie av Duun fortelje korleis han førebudde seg til forfattargjerninga allereie som ganske ung.
Omhandler dato: 1900
Olav Duun (1876 - 1939) voks opp på Jøa i Fosnes i Namdalen, nærare bestemt på garden Stein.
Her får du høyre korleis han allereie som barn fann inspirasjon til fleire personar i bøker han skreiv seinare.
Duun var ein norsk forfattar som skreiv litteratur som fell innafor nyrealismen.
Opphavsrett NRK © 2009–2013 NRK | Nettsjef: Sindre Østgård | Ansvarlig redaktør: Thor Gjermund Eriksen