Vis klipp4:27

Om dikteren Tarjei Vesaas

Omhandler dato: 1966

Ein statue av diktaren Tarjei Vesaas blir avduka på Åmot i Vinje 17. mai 1986.

Vi får høyre litt om diktaren, og i eit opptak gjort før Tarjei Vesaas døydde, fortel han sjølv litt om det å vere diktar.

Enka hans, forfattaren Halldis Moren Vesaas, fortel om mannen sin.

Vis klipp4:56

Tarjei Vesaas - ungdomstid og krig

Omhandler dato: 1970

Tarjei Vesaas var ungdom under første verdskrigen. Uroa i Europa på den tida sette preg på forfattaren.

I tida rett før andre verdskrigen skreiv han boka Kimen, med åtvaringar mot massesuggesjonen han såg i nasjonalsosialismen. Boka om sjølve krigen, Huset i mørkret, kom med freden i 1945. Manuskripta måtte haldast hemmelege under okkupasjonen.

Vis klipp2:16

Romanens synsvinkel

Omhandler dato: 1957

Hvem er forteller i en roman? Valg av synsvinkel har mye å si for hvilke deler av historien leseren får tilgang til. Her får vi høre hvilke alternativer som brukes.

I romanen Fuglane lar Tarjei Vesaas leseren vite hva hovedpersonen Mattis tenker, og ser dermed historien gjennom hans øyne. Hva kalles denne synsvinkelen?

Vis klipp9:26

Lesesirkel om Fuglane

Omhandler dato: 1957

Tarjei Vesaas roman Fuglane, om Mattis og søstera Hege, regnes som et av hans hovedverk. Det diskuteres ofte om Mattis er tilbakestående, eller bare spesiell. Vesaas selv antydet at det var selvbiografiske trekk ved Mattis.

Mattis og Hege har bodd sammen hele livet, og den sommeren boken utspiller seg, møter Hege en mann som setter søskenforholdet på prøve.

Vis klipp3:37

Forholdet til utvikling og teknikk

Omhandler dato: 1970

Forfattar Tarjei Vesaas opplevde ei rivande utvikling gjennom si levetid, og ser ikkje berre gode sider ved den teknologiske tida som har kome.

Vesaas skreiv på nynorsk og meinte språkutviklinga skulle gå i retning av eit felles skriftmål i landet. Han var opptatt av å skrive slik at lesaren ikkje skulle streve med å forstå orda han brukte.

Vis klipp4:00

Titlar og figurar

Omhandler dato: 1970

Tarjei Vesaas fortel at han ikkje tar lett på det å finne ein passande tittel på bøkene sine. Dei er ofte korte og enkle. Det same er namna på personane han skriv om.

Bøkene hans er og omsette til mange språk. Når forfattaren blir spurd om kva han no mange år seinare synest om sine første bøker, er han kritisk til eigne prestasjonar.

Vis klipp4:13

Tarjei Vesaas¿ romanidéar

Omhandler dato: 1957

Forfattaren fortel korleis ein roman blir til. Rett nok seier han at det er forskjellig frå bok til bok, men han har som regel byrjinga klar, men ikkje slutten. Han let personane få utvikle seg på eiga hand.

Til da var to av Tarjei Vesaas¿ bøker blitt laga film av. Dei svarte hestane frå 1951 likte forfattaren dårleg, mens den polske filmatiseringa av Fuglane frå 1968 var mykje betre.

Hovudpersonen i Fuglane heitte Mattis.

Vis klipp5:13

Tarjei Vesaas - Det store spelet

Omhandler dato: 1960

I fleire av Tarjei Vesaas bøker finn vi levande barneskildringar som forfattaren fortel er henta frå hans eigen oppvekst, særleg i Det store spelet. Denne boka var mange skuleelevars første møte med forfattaren.

Vesaas skreiv mykje om barn som blei vaksne og om ungdomstid. 1960-talets ungdomsopprør har han likevel berre delvis forståing for.

Vis klipp2:08

Tarjei Vesaas blir forfatter

Omhandler dato: 1923

Løyndomsfull fortel Tarjei Vesaas at det var kjærleiken som fekk han til å bli forfattar, og han likte det å skrive så godt at han ikkje kunne slutte med det.

Kritikarane reagerte svært ulikt på dei første bøkene hans.

Vis klipp2:43

Skulle eigentleg overta garden

Omhandler dato: 1920

Tarjei Vesaas var odelsgut på Vesås i Vinje i Telemark, men overlet ansvaret til brørne då han valte forfattarvegen. Han budde på garden til han var godt vaksen, og skreiv fleire bøker her før han busette seg på garden Midtbø i 1934 saman med kona Halldis Moren Vesaas.

Her fekk dei borna Olav og Guri.

Vis klipp1:37

Diktarparet Vesaas

Omhandler dato: 1957

To av dei mest sentrale norske diktarane på 1900-talet er ekteparet Tarjei Vesaas og Halldis Moren Vesaas. Han skreiv mest romanar, og fleire av dei, som Is-slottet og Fuglane har blitt film og skodespel.

Halldis Moren Vesaas var lyrikar. Den mest kjende samlingen er kanskje Ord over grind. Men ho har også eit sterkt ry som gjendiktar og omsetjar, og var ein aktiv kulturarbeidar gjennom eit langt liv.

Vis klipp2:52

Olav Vesaas om Aasmund Olavsson Vinje

Omhandler dato: 1860

Olav Vesaas har skrevet bok om Aasmund Olavsson Vinje: A. O. Vinje. Ein tankens hærmann. Vesaas forteller om språkmannen og journalisten Vinje, og om bladet Dølen som Vinje grunnla og jobbet i.

Vis klipp7:12

Jan Erik Vold - Profil og Vinduet

Omhandler dato: 1989

I studietiden var Jan Erik Vold, sammen med blant andre Georg Johannesen, Tor Obrestad og Einar Økland, med i kretsen som gav ut studentbladet Profil.

Siden ble Vold medredaktør for tidsskiftet Vinduet, mens han stadig sendte tekster til forskjellige aviser. Men tekstene ble som oftest refusert. Noen av hans mest kjente dikt ble først avvist av norske aviser.

Debutsamlingen skrev han ferdig mens han var hos Tarjei og Haldis Moren Vesaas i Vinje, og Tarjeis anerkjennelse av diktene betød mye for Vold.

Vis klipp8:15

Heime hos Tarjei Vesaas

Omhandler dato: 1968-09-01

Besøk heime hos ekteparet Vesaas i Vinje. Herr og fru Vinje sit ute saman med dikterkollegaene og les aviser og brev. Tarjei Vesaas les frå sin siste bok, Båten om kvelden, og snakkar om den sjølvutleverande boka.

Han beskriv korleis han vil gøyme seg, samstundes som han vil fortelje korleis han har det. Vesaas understrekar at han meiner det skal vere ein skilnad på poesi og prosa, sjølv om han i denne boka har blanda ved enkelte anledningar.

Det har vore ein vanskeleg bok å skrive for Vesaas, og han antydar at det kan vere den siste boka hans.

Vis klipp2:20

Vesaas og bøkene

Forfattarparet Tarjei og Halldis Moren Vesaas fortel om interessa for litteratur i oppvekståra, og om samtidas oppfatning av boklesarar og forfattarar.

Opphavsrett NRK © 2009–2014 NRK | Nettsjef: Frank Gander | Ansvarlig redaktør: Thor Gjermund Eriksen