Sendt: 06. apr 1968
Det seias at forfattaren og journalisten Aasmund Olavsson Vinje ikkje hadde særleg styr på pengane han råda over. Men så var også pengar noko han hadde heller lite av.
Her får du høyre kva ein professor seier om den økonomiske situasjonen til Vinje, og kva han trur kan vere orsaka til at Vinje våga seg i kast med avisa Dølen.
Dølen er ein avis som blir gitt ut i Nord-Fron i Oppland. Det var Vinje som starta med å gje ut avisa som vekeblad i 1858. Då skreiv han mesteparten av artiklane sjølv, og alt var på landsmål, no kalla nynorsk. Resten av sitt liv levde Vinje for dette bladet. Etter to år måtte han førebels gje opp Dølen blant anna etter å ha hatt økonomisk tap av føretaket.
Klipp og lim denne koden for å lage referanse til dette klippet i din blogg eller nettside. Koden kan også limes inn i systemer som Fronter, It's Learning og PedIT.
Embed koden fungerer tilsvarende som HTML referanse, men lar deg spille av klippet direkte uten å måtte klikke deg til NRK Skole.
Opphavsrett NRK © 2009–2013 NRK | Nettsjef: Sindre Østgård | Ansvarlig redaktør: Thor Gjermund Eriksen