Tidlegare West Products i Blålid. Foto: Ottar Starheim, NRK.
West Products AS båtbyggeri vart starta i Blålid i 1978 av seljeværingen Oddbjørn Nygård. Verksemda dreiv dei første åra med produksjon av båtar i vanleg glasfiber, men gjekk etter kvart over til produksjon av m.a. skyssbåtar etter den såkalla sandwich-metoden. West Products hadde opp til 16 tilsette, men gjekk konkurs i 1989.
Firmaet Ulvesund Elektro ved Jan Saltkjel tok over konkursbuet og skipa firmaet Westcraft AS som dreiv båtbyggeriet fram til 1995. Då selde Saltkjel til ei investeringsgruppe i Måløy med Sverre Søraa i spissen. Dei dreiv Westcraft eit par års tid før fabrikken vart slegen konkurs.
Fabrikkbygget vart selt til det nyskipa firmaet BFG – Best Fishing Gear AS (sjå dette) som produserer egnemaskinar.
- Sjå elles Aurobåt AS.