Vevringutstillinga

Bård Breivik sin monumentale steinskulptur ved Vevring skule.

Bård Breivik sin monumentale steinskulptur ved Vevring skule.

Vevringutstillinga har sidan den første gong var skipa til i 1979 vore eit av årlege høgdepunkta på kunstfronten i Sogn og Fjordane.

Initiativtakarar var Gerd Thingnes og Sarah Thingnes, og ein stor del av bygdefolket er med på den årlege dugnaden. Utstillinga vart skipa til for å skaffe pengar til barnehagedrifta, og det er helselaget i bygda som er arrangør.

Høg kvalitet

Gjennom åra har Vevringutstillinga vist arbeid av høg kvalitet av norske og utanlandske kunstnarar, innan biletkunst og kunsthandverk. Utstillarane har kosta reisa til Vevring sjølve, men vert innlosjerte hos bygefolket i Vevring.

Vevringsutstillinga vart tildelt Fylkeskulturprisen i 1997.