Vestlandsrådet

Utbygging av E39 er mellom sakene Vestlandsrådet har engasjert seg i. Her er fylkesordførarane i Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal samla. Foto: Trond Ueland.

Utbygging av E39 er mellom sakene Vestlandsrådet har engasjert seg i. Her er fylkesordførarane i Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal samla. Foto: Trond Ueland.

Vestlandsrådet vart skipa på eit møte i Stavanger den 8. januar i 2003. Vestlandsrådet er eit interfylkeskommunalt samarbeidsråd oppretta med heimel i Kommunelova og vert drive av Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal fylkeskommunar. Føremålet til rådet er å styrkje vestlandsregionen både nasjonalt og internasjonalt.

Vestlandsrådet er samansett av 20 personar, med fem frå kvart av medlemsfylka. Leiarvervet går på omgang mellom fylksordførarane i dei fire fylka. Fylkesrådmannen i det same fylket er samstundes sekretariatleiar og har også innstillingsretten til rådet. Arbeidet i Vestlandsrådet har til dels vore prega av dei spenningane som finst mellom fylka og regionane kring dei store byane Stavanger, Bergen og Ålesund.

I tillegg til Vestlandsrådet finst det også eit samarbeidsorgan med sørlandsfylka. Dette heiter Samarbeidsrådet for Vestlandet og Sørlandet – SAVOS.