Vestlandske Salslag

Gilde i Førde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK

Gilde i Førde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK

Den viktigaste samyrkeorganisasjonen for bøndene på Vestlandet vart Vestlandske Salslag, som vart skipa i 1920.

Opptaket til dei første bondeeigde fellesslakteria vart gjort på Austlandet på 1880-talet, men det første som hadde noko omfang, var Kristiania Svineslakteri som vart skipa i 1890. På Vestlandet var Ålesund først ute med Møre og Rauma Slakteri, bygd i 1899, men lagt ned i 1905.

Før slakteria kom vart alle dyra slakta heime på gardane, anten tok bøndene seg av det sjølve, eller ein bygdeslaktar kom til gards. Mange av desse heldt det gåande i mange år etter at slakteria kom på bana. Mellom dei var Reinert Ommedal frå Hyen. Foto: Firda Tidend.

Før slakteria kom vart alle dyra slakta heime på gardane, anten tok bøndene seg av det sjølve, eller ein bygdeslaktar kom til gards. Mange av desse heldt det gåande i mange år etter at slakteria kom på bana. Mellom dei var Reinert Ommedal frå Hyen. Foto: Firda Tidend.

Treg start

Opptaket til det som seinare vart Vestlandske Salslag vart gjort i 1916, men det gjekk tregt fordi bøndene ikkje kunne godta vilkåra om leveringsplikt til laget.

Det var først då Førde-mannen Olav Karstad vart Vestlands-sekretær for Bondelaget at det vart framdrift i saka: Han la ut på talarferd for å overtyde bøndene om føremonene ved laget - som ikkje berre kravde leveringsplikt av dei - men samstundes gav dei rett til å bli av med alt kjøtet gjennom laget. - Altså både føremoner med «leveringsrett”, men også »ulemper" ved å godta leveringsplikt i staden for å spekulere i leveransar til den som baud mest for varene.

Dette løyste knuten, og den 12. august møttest 120 utsendingar i Bergen for skiping av Vestlandske Salslag. På kort tid tok VS kontroll over storparten av kjøtomsetninga i landsdelen. I den første tida vart laget også kalla «Bondesamsalet». Frå 1920 til 1969 dreiv VS engrosomsetnaden av slakt i Bergen frå Bergen Komm. Slaktehus A/S. Frå 1969 har dette skjedd frå laget sitt eige anlegg i Eidsvåg.

Slaktinga vert organisert med slaktelag

Den første organsierte slaktinga som VS stelte i stand i mellomkrigstida, var slaktelag som kom i gang frå 1923. VS lærte opp lokale slaktarar som reiste frå gard til gard og slakta «på gamlemåten». På det meste var det 60 slike slaktelag i drift på Vestlandet. I einskilde bygder vart slaktinga samla i enkle, små «slaktehus» som t.d. ved dampskipskaia på Steinen i Førde.

Sogn Slakteri i Sogndal i 1961. Foto: Vestlandske Salslag.

Sogn Slakteri i Sogndal i 1961. Foto: Vestlandske Salslag.

Dei første slaktehusa

Det første VS-slaktehuset av litt storleik vart bygd i Øystese i Hardanger i 1930. I ein landsplan frå Norges Kjøtt og Fleskesentral i 1934 vart det lagt opp til bygging av sesongslakteri i Flåm, Lærdal, Førde, Eid, Etne og Kvinnherad. Slakteria i Lærdal og Flåm kom i drift i 1935-1936, Førde i 1941, men krigen og endra planar sette ein førebels bom for noko slaktehus i Eid.

I Nordfjord vart i staden det første mellomstore slakteriet bygd på Sandane i 1958. Dette vart gjort av taktiske grunnar for å demme opp for private slakteriplanar i dette distriktet av Nordfjord. Men slakteriet på Sandane fekk kort levetid, og vart lagt ned etter berre seks års drift fordi idéen om store regionslakteri no gjorde sitt inntog.

Det første av desse store slakteria var Sogn Slakteri, som vart bygd i Sogndal i 1956.

Nordfjord Slakteri på 1960-talet. Foto Vestlandske Salslag.

Nordfjord Slakteri på 1960-talet. Foto Vestlandske Salslag.

Nordfjord Slakteri vart bygd på Nordfjordeid i 1963 etter hard lokaliseringsstrid (sjå Slakteristriden i Nordfjord) med innfjordingane, som braut ut og bygde sitt eige Nordfjord Kjøtindustri - seinare kjent som Nordfjord Kjøtt (sjå Nordfjord Kjøttindustri (Nordfjord Kjøtt)). Sunnfjord fekk sitt regionslakteri i Førde i 1964 - også her etter lokaliseringskamp - mot Dale i Fjaler kommune.

Storslakteri for heile fylket

Fram til 1980-talet var slakteristrukturen i Sogn og Fjordane uendra. Men etter ny og hard strid vart det vedteke å byggje storslakteri på industriområdet Reset i Førde. Dette stod ferdig i 1984 og tok over mykje av slaktinga og produksjonen frå regionslakteria i Sogndal og på Nordfjordeid.

Begge desse slakteria vart etter dette gradvis nedtrappa og til slutt lagde ned. Nordfjord Slakteri mista den siste produksjonen av spekemat og pinnekjøt i 2003 og vart lagt ned. Sogn Slakteri hadde framleis litt produksjon av spekematprodukt, men vart lagd ned kort tid etter.

Slakterianlegget som VS bygde i Førde sentrum i 1964 og som no er bygd om til Handelshuset. Foto: Vestlandske Salslag.

Slakterianlegget som VS bygde i Førde sentrum i 1964 og som no er bygd om til Handelshuset. Foto: Vestlandske Salslag.

Vestlandske Salslag vert Gilde Vest

Men også det relativt nye storslakteriet i Førde har fått merke den hardhendte rasjonaliseringa og sentraliseringa: I 2000 mista anlegget den viktige kjøtkakeproduksjonen, og fekk redusert bemanning.

I 2002 gjekk Vestlandske Salslag inn i Gilde-konsernet. Dette vert sentralt styrt frå Oslo og har eit hovudstyre som også har fast representant i dei lokale styra - m.a. for Gilde Vest. Gilde-konsernet omfattar elles Gilde Felleslakteriet og Gilde Hed-Opp - begge på Austlandet - Gilde BS (tidlegare Bøndenes Salgslag) i Trøndelag, og Gilde NNS (tidlegare Nord-Norges Salgslag).

I 2006 vart kjøtsamvirket sitt selskap Gilde og Prior Norge slegne saman til eitt selskap under namnet Gilde Prior BA.

Slakteriet på Reset i Førde heiter i dag Nortura Førde. Det tidlegare slakteriet i Sogndal, som no berre produserer spekemat, heiter Terina AS.

Terina AS i Sogndal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Terina AS i Sogndal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.