Vestlandske Indremisjon og kløyvinga i Sunnfjord

Holmedal Forening var det einaste lokallaget som ikkje gjekk med i Søndfjord Fællesforening for den indre Mission då dette regionlaget vart skipa i Sunnfjord i 1886.

Denne «åleinegangen» skulle også vere opptakten til at indremisjonen i Sunnfjord noko seinare kløyvde seg: Medan dei fleste indremisjonslaga i Sunnfjord vart medlemmer i Lutherstiftelsen - Det norsk lutherske indremisjonselskap - valde Dalsfjorden og Bremanger fellesforening å melde seg inn i det meir konservative Vestlandske Indremisjonsforbund då det vart skipa i 1898.

Bakgrunnen for denne kløyvinga var at Dalsfjord-området ikkje kom med i Hauge-rørsla slik tilfellet var i dei nordlege og indre Sunnfjord-bygdene.

Det var først og fremst ein tilflytt lærdøl, Anders Nordstrand, som fekk dalsfjordingane til å velje Vestlandske Indremisjon og ikkje Lutherstiftelsen: Nordstrand var påverka av Jakob Traasdahl i Bergens indremisjon, som seinare fekk skipa Vestlandske Indremisjonsforbund som ei konservativ utbrytargruppe frå resten av den norske indremisjonen.

På oppmoding frå Nordstrand fekk Traasdahl sendt emissæren Anders Haavik til Holmedal. Dette førde til skipinga av Holmedals Sogn Indremissionsforening i 1878. I Bergen fekk til og med dette laget ei eiga støtteforening - «Støttelag for Søndfjord» - skipa av den tidlegare Gaular-presten Ernst Fredrik Eckhoff, som då var flytta til Bergen. Denne Bergens-gruppa sette inn ein Sunnfjord-offensiv, m.a. med å sende reisetalar til Askvoll.

Der vart det konfliktar mellom det gamle misjonslaget i bygda og tilhengarane av «Bergens-forkynnarane». Utfallet av striden vart skiping av eit nytt misjonslag i Askvoll i 1892, slik at det vart to konkurrerandde misjonslag i bygda.

Noko av det same hende i Bremanger: I 1902 braut misjonslaget der ut frå Søndfjords Fællesforening og slo seg saman med Holmedal-foreninga i «Dalsfjorden og Bremanger Fællesforening for Indremissjonen» som så melde seg inn i Vestlandske Indremisjonsforbund.

-Les elles meir om misjonslaga i fylket under Sogn og Fjordane fylke: Livssynsorganisasjonar i Sogn og Fjordane.