Vereide kyrkje

Vereide kyrkje. Foto: Heidi Lise Bakke, NRK.

Vereide kyrkje. Foto: Heidi Lise Bakke, NRK.

Vereide kyrkje er den einaste bevarte steinkyrkja i Nordfjord. Dei eldste bygningsdelane er truleg frå 1100-talet. Men ein er ikkje heilt visse på om noverande kyrkje er den eldste kyrkja på Vereide. Grunnen er eit dokument frå 1686, der stiftsskrivaren skriv om at det er reist ei ny kyrkje på Vereide i 163... (dokumentet er delvis øydelagt). Tradisjonen vil ha det til at den eldste kyrkja frå mellomalderen ikkje låg nede ved sjøen der kyrkja ligg i dag, men stod oppe ved prestegarden på platået om lag 100 meter høgre.

Privatkapell på Vereide

I 1330 vert det også nemnt at det fanst eit kapell på Vereide. Truleg var dette eit privatkapell for den rike ætta som budde på garden. Kapellet vart lagt ned ein gong før 1685. Kyrkja på Vereide var i mellomalderen fjordungskyrkje, d.v.s. hovudkyrkje, for indre Nordfjord. Eid var fjordungskyrkje for midtre Nordfjord.

Inngangspartiet med monogrammet til Christen Søfrenson Wittrup til høgre. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Inngangspartiet med monogrammet til Christen Søfrenson Wittrup til høgre. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vereidekyrkja er den største mellomalderkyrkja i fylket, men har gjennom tidene fått fleire påbygg. Opphaveleg var dører og lysopningar bygde i romansk rundbogestil, men desse er fjerna ved seinare ombyggingar, m.a. i 1631 då futen Christen Søfrenson Wittrup kosta mykje av arbeidet. Både han og kona har fått monogramma sine rissa i kyrkjeveggane, og eit epitafium av dottera Birte heng i kyrkja. Det er grunn til å tru at våpenhuset på kyrkja vart bygt på i 1631. I 1861 vart det sett inn større vindauge i kyrkja. Den mest tydelege påbygginga er klokketårnet frå 1879. I 1931 vart det bygd til kor i mur, og på 1960-talet vart det bygd nytt sakristi i tre.

Ombygging av Vereide kyrkje i 1932. Foto: Olav Kvaale. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Ombygging av Vereide kyrkje i 1932. Foto: Olav Kvaale. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Krossen ved Vereide kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Krossen ved Vereide kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Prestegraver under kyrkja

Altartavla frå 1604 er ei katekismetavle med bibelord. Ei tidlegare altartavle frå 1879 er Rubens-kopi måla av Karl Uchermann og heng no på eine frontveggen i kyrkjeskipet. Fire altarlysestakar frå 1700-talet er i tre og messing, kalken og disken som vert nytta i nattverdtenesta er frå 1600-talet. Døypefonten i kleberstein er frå mellomalderen. Eit kyrkjeskip – såkalla votivskip - er frå 1650, og to kyrkjeklokker stammar frå mellomalderen. I krypta under kyrkjegolvet ligg godt bevarte kister frå 1700-talet med prestar og deira familiemedlemer. Kyrkja er framleis soknekyrkje for Gloppen.

Krossen ved kyrkja

I bakken like ved inngangen til Vereide-kyrkja står det ein steinkross frå mellomalderen. Krossen stod opphaveleg på den gamle lensmannsgarden i Korsvika nokre hundre meter lengre aust, men vart flytta til kyrkjegarden.