Svormuseet på Grodås. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Anders Svor Museum
på Grodås, opna 1953. Musèet husar ein stor del av arbeida etter bilethoggar Anders Svor. I muséet er det frå tid til anna også andre kunstutstillingar.
Hornindal kyrkje
med vakker altertavle av Dagfinn Werenskiold.
Hornindalsrokken. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Hornindalsrokken
(1529 m.o.h.) på grensa mellom Hornindal og Sunnmøre er eit populært turmål for spreke friluftsfolk. Eit kjend utsiktspunkt mot Hornindalsrokken er ved Honndøla bru, bygd 1810.
Rolf Haugens Samlingar
Rolf Haugen (1924-2011) samla det meste av livet sitt på radioapparat. Til saman er det blitt bortimot 500 av dei. I 2009 vart ein del av dei utstilte på Raftevolds Hotel under namnet Rolf Haugens Samlingar.
Rolf Haugen med nokre av radioane han har samla. Foto: Harald Vartdal.