Verd å sjå i Flora

Stabben fyr. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK

Stabben fyr. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK

Stabben fyr

særmerkt fyr på lite skjer ved innseglinga til Florø hamn, reist i 1866. Sjå «Fiskerifyra kring Flora».

Kinn kyrkje

steinkyrkje frå ca. 1100 med rikt interiør. Kyrkja ligg ved den særmerkte fjellformasjonen Kinnaklova, og like ved kyrkja vert Kinnaspelet framført årleg kring jonsoktider.

Kinn kyrkje med Kinnaspelet i 2004. Foto: Arne Stubhaug.

Kinn kyrkje med Kinnaspelet i 2004. Foto: Arne Stubhaug.

Dei eldgamle diabas-gruvene

frå tidlegaste steinalder, minst 8000 år gamle.

Helleristingane i Ausevika

ved Høydalsfjorden, eitt av dei mest særmerkte helleristingsfelt i landet.

Svanøy hovudgard. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Svanøy hovudgard. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Gravrøysene på Årebrot

frå bronsealderen.

Svanøy-godset

med herregardshuset på den gamle futegarden, gamle kopargruver, Norsk Hjortesenter på Kvalstad og ridesenter på Erikstad.

Furesundet

gamal gjestgjevarstad og skysskifte med hovudhus og sjøbuer frå 1700-talet. I 2010 vart Furesundet herja av brann, og berre ei sjøbu står att.

Furesundet slik det såg ut fram til 2010. Då brann hovudbygningen ned til grunnen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Furesundet slik det såg ut fram til 2010. Då brann hovudbygningen ned til grunnen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kystmuseet i Sogn og Fjordane

på Austneset i Florø, hovudmuseum for kystkultur og fiskeri. Inneheld m.a. stor båtsamling.

Batalden Havbu

der Gunhild Bjelland driv kunstskule, utstillingar og tek imot overnattingsgjester i restaurerte sjøbuer.

Grøndalen

vakkert dalføre med nedbørsrekord (5250 mm i 1990) inst i Norddalen.

I tillegg til ein fantastisk skjergard kan Flora og by på unike fjellopplevingar. Her ser vi Høydalsnipa (933 m.o.h) fotografert frå Håsteinen (964 m.o.h.) Herifrå er det storslegen utsikt over øyriket. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Køyrer du frå Grov til Svelgen kan du nyte synet av fossen Bruresløret ved Haukåvatnet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Køyrer du frå Grov til Svelgen kan du nyte synet av fossen Bruresløret ved Haukåvatnet. Foto: Ottar Starheim, NRK.