Verd å sjå i Førde

Rundt Førde er det mange fine turområde. Her ser vi Hornnesstølen med utsyn mot Førde sentrum. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Rundt Førde er det mange fine turområde. Her ser vi Hornnesstølen med utsyn mot Førde sentrum. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Førde kyrkje

med barokk altertavle frå 1643, rekna som eit høgdepunkt i norsk barokk-kunst.

Førdehuset

med m.a. storhall, symjehall med vass-sklie, Sogn og Fjordane Teater, Fylkesbibliotek og Kunstsenteret Førdehuset med salsutstillingar og kunstsal frå magasin. Kunstsenteret er frå 2004 ein del av Sogn og Fjordane Kunstmuseum.

Sogn og Fjordane Kunstmuseum

ligg vegg i vegg med Førdehuset. Utandørs er det særeigen skulpturpark. Store og tilgjengelege kunstsamlingar finn ein òg i Førdehuset, Førde Sentralsjukehus og Rica Sunnfjord Hotell. (Sjå også: Kulturinstitusjonar i Førde).

Galleri G

privat kunstgalleri med vekslande salsutstillingar.

Første helga i juli er det eit fargerikt møte mellom norsk og internasjonal folkemusikk i Førde, m.a. med eit opptog i gatene. Foto: Ronny Brede Aase, NRK.

Første helga i juli er det eit fargerikt møte mellom norsk og internasjonal folkemusikk i Førde, m.a. med eit opptog i gatene. Foto: Ronny Brede Aase, NRK.

Førde Internasjonale Folkemusikkfestival

Ein av dei største folkemusikkfestivalane i Norden med konsertpublikum på kring 25.000. (Sjå også: Kulturinstitusjonar i Førde).

Kjempeskulpturen «Laksen»

på 65 meters lengd på Utstillingsplassen, laga i 1989 av dansken Jørn Rønnau. To hundre meter lenger nede ved elvekanten står ein skulptur av Oddvar Torsheim, laga av Stig Eikaas.

Sunnfjord Museum

i Movika. Samling av 25 gamle sunnfjordhus, og gjenstandssamling i utstillingsbygg.

Huldefossen. Foto: Ottar Starheim, NRK

Huldefossen. Foto: Ottar Starheim, NRK

Huldefossen

ved jordbrukskulen på Mo, fossefall på 90 meter. Brukt som kjennemerke (logo) for Folkemusikkfestivalen. (Sjå bilete under: Jølstravassdraget.)

Frå standplassen på FørdeSkyttarstadion i Kråkenesmarka. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Frå standplassen på FørdeSkyttarstadion i Kråkenesmarka. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Førde Skyttarstadion

Kråkenesmarka. Skyteanlegg for baneskyting og terrengskyting, der det har vore arrangert to landsskyttarstemne. Eigne leirdue-, løpande elg- og pistolbaner. Fleire skyttarhus med forsamlingssalar og garderobar.

Hovudanlegg for langrenn

med preparerte lysløyper ligg på Langeland, i nabokommunen Gaular.

Sunnfjord Skisenter

Blomlia i Kråkenesmarka. Skitrekk, 1200 meters alpinbakke, snøproduksjonsanlegg. Eigen bakke for kulekøyring, lysløype for langrenn. Kiosk og varmestover.

Fiske i Haukedalsvatnet

Haukedalsvatnet er kjent som eitt av landets beste aurevatn (sjå bilete nedanfor).

Haukedalsvatnet sett frå oppstiginga til fjellet Kabusen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Haukedalsvatnet sett frå oppstiginga til fjellet Kabusen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.