Vassrenne i Ofredal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK
Det gamle tunet
«ne' me sjøen» i Ofredal. Verna gardsanlegg med m.a. våningshus og vassdriven sag. (Sjå «Skogsdrifta og Ofredalssaga».)
Vettisfossen, den gamle saga i Ofredal og 1000-meteren er noko av det du kan oppleve i Årdal.
Utsyn frå Morkaskaret mot Vettismorki og med tindane i Hurrungane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Vettismorki
Utladalen landskapsvernområde og Jotunheimen nasjonalpark. Vanlegaste ruta går frå Vetti gard, som har teke imot turistar sidan 1820.
Vettisfossen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Vettisfossen
275 meter loddrett fall, i Utladalen i Øvre Årdal. Noregs høgste foss i fritt fall etter at Mardalsfossen i Romsdal er utbygd, og eitt av dei første naturobjekta i Noreg som vart freda, i 1924. Sjå: Utladalen landskapsvernområde.
Dagfinnsteinen
frå 1200-talet ved Årdal kyrkje på Årdalstangen. Steinen har runeskrift som fortel at presten Dagfinn song messe der. (Sjå «Kyrkjer i Årdal»).
Gruvegangane
til gamle Årdal Koparverk frå 1700-talet. Blåberggruvene er synlege frå Øvre Årdal og frå vegen Årdal-Turtagrø. På Årdalstangen er det teke vare på «Koparverkshuset» frå tidleg 1700-tal. Huset vart funne att som bryggarhus på garden Sørheim i Luster og flytta til Årdal av historielaget i 1954. Koparverkshuset er freda.
1000-meteren
– den gamle fjellvegen Øvre Årdal-Tyin med 42 svingar opp Heirsnosi.
Tek du ein spasertur på den gamle vegen til fjells får du eit svimlande utsyn over Øvre Årdal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Vikinggarden Ytre Moa
i Øvre Årdal, der ein på 1960-talet fann det til no mest komplette gardsanlegg frå vikingtida i Noreg.
Ytre Moa sett frå vegen mot Tyin. Til høgre ser vi vegen som er bygd for å gjere området lettare tilgjengeleg. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Dette synet av Store Skagastølstind (2405 m.o.h.) kan du få om du stansar ved rasoverbygget i Jåteli på vegen mellom Øvre Årdal og Tyin. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.