Vekstsenteret Førde

Førde i dag. Foto: Cosmin Cosma, NRK

Førde i dag. Foto: Cosmin Cosma, NRK

På 1950- og 1960-talet tok Noreg dei store krafttaka i distriktsutbygginga. Kraftkrevjande storindustri skulle skaffe landet hardt tiltrengde valutainntekter, samstundes som dei nye industribyane skulle demme opp for fråflyttinga av utkantane.

I 1961 kom Distriktenes Utbyggingsfond, og utover 1960-talet kom dei store landsdelsplanane som la opp strategiane for utbyggjing av næring og infrastruktur i distrikta.

Ein av strategiane var å etablere såkalla vekstsentra i næringssvake distrikt med stor fråflytting. Indre Sunnfjord var på denne tida det området i Sogn og Fjordane som hadde størst fråflytting, sjølv om det låg midt i fylket med Førde som knutepunkt. I 1965 vart Førde difor peika ut som vekstsenter, og store ressursar vart sette inn for å byggje ut næringslivet.

Førde i 1963. Det meste av sentrumsfunksjonane ligg på sørsida av Jølstra. Men vi ser at bygginga av Sunnfjord Slakteri har starta, til venstre ser vi garasjane til Firda Billag som har flytta over elva, og til venstre for Langebrua ser vi at Sunnfjord Sparebank er under bygging. Flyfoto frå Johan Ottesens arkiv.

SIVA og Øyrane

Statens Industrivekstanlegg – SIVA – fekk i 1968 hand om industriområdet Øyrane. Det vart lagt store planar, m.a. om båtmotorfabrikk og elbilfabrikk.

Ankerløkken Verft

Det første store spranget kom likevel ikkje før i 1971, då eigaren Ole Aaserud vedtok å byggje Ankerløkken Verft på Øyrane - til sterke protestar frå Florø, der Ankerløkken hadde vore sidan 1949. Ankerløkken Verft i Førde gav på det meste arbeid til over 400 personar. Kommunen fekk i all hast bygd ut store rekkjehusfelt og ei stor bustadblokk på Bergum for å ta imot alle innflyttarene. Les meir under Ankerløkken Verft Førde.

Verftet på Øyrane i Førde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Verftet på Øyrane i Førde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Førde Sentralsjukehus

Sentralsjukehuset på Vie med sine ti etasjar sto ferdig i 1979, etter tre års byggjetid.

Kulturinstitusjonar i Førde

På 1970-talet vart fleire fylkesdekkjande kulturorganisasjonar plasserte i Førde: Førdehuset, ferdig i 1976, skulle vere kulturell «storstove» for heile fylket, og elles kom m.a. NRK Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane Teater, Fylkeskulturkontoret, Sogn og Fjordane Kunstnarsenter og Fylkesgalleriet.

Ei demning mot fråflytting

I løpet av 1970-talet dobla Førde innbyggjartalet til 5.000 personar.

Kronborg og Reset industrifelt

Midt på 1980-talet var industri-områda på Øyrane og Halbrendsøyra på det næraste utbygde. Kommunen regulerte difor to nye industrifelt – det eine på Kronborg ca. to km. aust for sentrum, og det andre på Reset, høgt oppe i Halbrendslia.

Brulandsvellene sett frå Vieåsen i 2007. Nye handelshus er reist, og til venstre er Coop Extra under bygging. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Brulandsvellene sett frå Vieåsen i 2007. Nye handelshus er reist, og til venstre er Coop Extra under bygging. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.